(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning Bømlo - 6

Bømlo kommune har fått tildelt kr. 593 000 ,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. 
 

Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av nye lokale eller nasjonale smitteverntiltak. 

 

Kven kan søkje/kriterar: 

    • Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien. Dette gjeld særleg stønad som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som fylgje av stenging og smittevern. 
    •  Reiseliv-, arrangement- og serveringsnæringar vil særleg verta prioritert. 
    •  Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av kapitalbehovet og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan maks søkjast om kr 200 000. 
    •  Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.

 

Korleis søkje: 

Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no  Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Bømlo - 6»  

Dokumentasjon på tap/kostnadar frå september 2021 skal leggast ved søknaden.  

 

Vurdering av søknadar 
Atheno vil på vegne av Bømlo kommune handsama søknadane og gje ei tilråding. Utval for næring, innovasjon, idrett og kultur tek endeleg avgjerd om tildeling. 

 

Søknadsfrist 

Siste frist for innsending av søknad er 11 februar 2022.  

 

Kontaktperson 
For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Reidun Rykkje i AthenoTlf 91745102 eller epost:  reidun@atheno.no 

  

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen