(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning Del 6 - notifisert støtteordning

Kommunal kompensasjonsordning for lokale bedrifter // Runde 6 //Vågå – Notifisert ordning

Vågå kommune er tildelt kr 533 000 til kommunal kompensasjonsordning #6 for lokale bedrifter. Vågå kommune fekk ikkje tildelt midlar i runde 4 og 5.  Hensikta med midlane er å avhjelpe situasjonen i kommunar med næringsliv som igjen blir ramma av nye smitteverntiltak innført i november/ desember 2021.

 

Verksemder innanfor hotell- og restaurantdrift, servering, overnatting, opplevelsesnæring og liknande vil bli prioritert i forbindelse med tildeling.

 

Bedrifter i andre bransjar som er påverka av restriksjonane kan også søke. Det må dokumenterast på kva måte desse er påverka. Bedrifter innanfor kommunen (lokalisering/adresse) kan få tilskot. Dersom ei verksemd har filialar i andre kommunar må rekneskapane delast opp.

 

Kva kan dekkast innanfor ordninga?

  • Bedrifter med tap av omsetning som følgje av covid-19-pandemien i perioden 1. november – 31. desember 2021, samanlikna med tilsvarande periode i 2019
  • Bedrifter med auka kostnadar som følgje av tiltak for å unngå spredning av covid-19, og kostnadar direkte knytt til covid-19 lågkonjunktur i perioden 1. november – 31. desember 2021, samanlikna med tilsvarande periode i 2019
  • Nyetablerte og ekspanderande verksemder, utan referansetal, kan bruke realistisk budsjett som samanlikningsgrunnlag i perioden 1. november – 31. desember. Det må sannsynleggjerast at tapa kjem som følgje av covid-19-pandemien
  • Det kan og søkast kompensasjon for avlyste aktivitetar og arrangement
  • Verksemder som ikkje kvalifiserer til å nytte de statlege kompensasjonsordningane vil bli prioritert. Beskriv på kva måte verksemda evt. faller utanfor denne ordninga.
  • Søknad vurderast også opp mot evt anna støtte som er gitt verksemda frå tilsvarande eller andre ordningar.

     

    Korleis blir tilskotet rekna ut:

  • Det kan gjevast inntil 100% kostnadsdekning. Dersom det ikkje er tilstrekkeleg med midlar til å innvilge heile prosentsatsen vil tilskotet bli avkorta forholdsmessig
  • Det blir sett eit maksbeløp på kr. 100 000 pr. bedrift
  • Dersom det blir att midlar etter fyrste utlysning vil midlane bli lyst ut att på nytt med januar-februar 2022 som grunnlag.

     

    Kven kan ikkje få tilskot:

  • Bedrifter som er fullfinansierte eller får inntektene sine fastsette av offentleg sektor (t.d. barnehagar)
  • Friviljuge lag og foreiningar
  • Føretak som var i (økonomiske) vanskar pr. 31.12.19, bortsett frå små føretak og mikroføretak, dvs. dermed færre enn 50 tilsette og årleg omsetnad/balanserekneskap på maks 10 mill. Euro
  • Finanssektoren

Krav til søknad

  • Kort om bakgrunnen til at bedrifta søkjer om kompensasjon (legg inn som vedlegg i søknadsskjema)
  • Estimert tap / auka kostnadar. Heile summen kan førast inn som søknadsbeløp, inntil maksimumsbeløpet på kr. 100 000 pr. bedrift.
  • Rekneskap i perioden 1. november -31. desember 2021
  • Rekneskap i perioden 1. november – 31. desember 2019
  • Eventuelt dokumentasjon på tapte inntekter som kan dokumenterast (t.d. som følgje av avlyste arrangement etc.)
  • Eigenerklæring (ligg i skjemaet på regionalforvaltning)
  • Informasjon om tidlegare mottatt offentleg støtte (ligg i skjemaet på regionalforvaltning)
  • Totalregnskap for 2020 og 2019

Verksemder som hadde planlagt vinterstenging kan ikkje søke for den perioden dei hadde planlagt å vere stengte.

Det er til hensikt at søker ikkje blir pålagt stor byråkratisk belastning i dette. Det er derfor lagt opp til eit enkelt søknadsskjema iht departementets bestemmingar, innanfor den nasjonalt notifiserte ordninga. Vedlegg kan ettersendast om det ikkje er mogleg å få alt ferdig til søknadsfristen.

Søker kan etter tilsegn er utsendt bli påkravd etterkontroll og revisjonsrapport. Vågå kommune, KMD eller EFTAs overvåkingsorgan ESA kan gjennomføre kontrolltiltak. Dersom søker oppgir feilaktige opplysningar, kan tilskotet kreves tilbakebetalt, helt eller delvis. Hovudregelen er at ulovleg støtte må tilbakebetales med renter og rentes rente. 

 

Søknadsfrist er  25. januar kl 23.59. Søknader blir behandla i Formannskapet 10.februar

Ved spørsmål og dialog i forkant av innsending av søknaden, ta kontakt med næringskoordinator i Vågå kommune, Live Brimi, på mail live.brimi@vaga.kommune.no eller telefon 99028322.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen