(Du er ikke pålogget) 
 

Ulvik herad - Kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter del 1 - 2022

Ulvik herad – kommunal kompensasjonsordning del 1 - 2022

Det er no råd å søkje nye kompensasjonsmidlar frå Ulvik herad. Ulvik herad har i 6 runde fått tildelt kr. 441.000,- i statlege midlar som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. 
 
Mål for ordninga
Tildelinga skal sikre likviditet i verksemder, samt dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19 pandemien. Målet er at likviditeten skal betrast for det lokale næringslivet og at verksemdene får dekka dokumenterte meirkostnadar og/eller dokumenterte tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging. Slik skal ordninga bidra til å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er ramma av pandemien.
 
Desse kan søkje om kompensasjon:

1. Bedrifter som heilt eller delvis har falle utanom den generelle kompensasjonsordninga.
2. Lokale verksemder som er hardt ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg reiselivsverksemder sine kostnader eller tap som fylgje av smitteverntiltak og nedstenging.

Heradet har fridom til å å tilpasse kva verksemder som skal få støtte, avhengig av den lokale situasjonen knytt til nedstenging og tapt omsetnad. Ulvik herad vel i denne runden å fordele midlane til verksemder som kan dokumentere tapte inntekter og/eller økte kostnadar i perioden november 2021 til og med desember 2021. Utifrå det totale talet søknadar vil heradet gjere vedtak om tildelingar.

Krav til søknad

 
Søknaden må registrerast og sendast gjennom www.regionalforvaltning.no 

Følgjande må opplysast om:

1. Kontaktopplysningar og organisasjonsnummer.
2. Informasjon om økonomi; tapte inntekter og/eller meirkostnadar.
3. Kort grunngjeving for søknaden.
4. Informasjon om evt. anna offentleg stønad som verksemda har søkt og/eller motteke.

Vedlegg:

Rekneskapsoversikt attestert av rekneskapsførar

Sakshandsaming:

Ulvik heradsstyre handsamar innkomne søknadar i etterkant av søknadsfrist. Heradsstyret gjer vedtak om tildelingar. Kommunal stønad til verksemder vert gjeve i samsvar med regelverket for offentleg støtte. Dersom du ynskjer ytterlegare opplysningar eller har spørsmål – ta gjerne kontakt med nærings- og reislivssjef Mona H.Hellesnes tlf. 40007196 elles konsulent Anne-Marit Lekve tlf. 40007160
 
Søknadsfrist: tysdag 25. januar 2022.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen