(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning

Opprett ny søknad på støtteordning

Sykkylven kommune - Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder, januar 2022

Opprett ny søknad på støtteordning

Orientering om kompensasjonsordninga til lokalt næringsliv - tiltakspakke nr. 6

 

Generelt om tildelingane

Sykkylven kommune har fått brev frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet med orientering om at dei no deler ut tiltakspakke nr. 6 til lokalt næringsliv, jf. Prop. 195 S (2020-2021)- Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 og Prop. 79 S (2020-2021) Økonomiske tiltak i møte med pandemien

 

Sykkylven fekk tidelt kr 610 000,- i denne runden, og har til no fått følgjande tildelingar:

1. tildeling mars ‘21       kr    697 929,-

2. tildeling april ’21        kr    363 000,-

(1. og 2. tildeling ble slått saman i ei utlysing på kr 1 060 929,- søknadsfrist 15.04. og vedtak 10.05.)

3. tildeling juni ’21         kr    646 000,- (utlyst i juli, søknadsfrist 16.08. vedtak 20.09. og 25.10.)

4. og 5. runde               kr               0,-

6. runde                       kr   610 000,-

Sum                             kr  2 316 929,-

 

Mål for tilskotet og krav til bruk

Føremålet med tilskotet er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Målet med ordninga er å setje kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen i lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedrifter.

 

Departementet har laga eit søknadsskjema for den notifiserte ordninga, som sikrar at tildelingane er i samsvar med rammeverket for Covid-19 for tildeling av offentleg støtte. Nærmare informasjon om ordninga ligg på https://www.regjeringen.no/no/tema/kommuner-og-regioner/regional--og-distriktspolitikk/aktuelt-na/kommunal-kompensasjonsordning-for-lokale-virksomheter/id2846130/ og www.regionalforvaltning.no

 

Departementet har gjort kommunane særleg merksame på at det er viktig at å hente inn informasjon om dei lokale verksemdene er del av eit større konsern. Kommunane må då vurdere samla støtte til heile konsernet, og kva kostnader tilskotet skal dekke (kumulasjon), for å unngå dobbelt kompensasjon.

 

Tidsrommet som vert lagt til grunn for støtte

Støtte skal vere med på å kompensere for svikt i omsetnad, kostnader eller tap i perioden desember 2021 – januar 2022. Dette er grunnlaget for stønadsutbetalinga. Støtta blir berekna ut frå søknadsgrunnlaget, dokumentasjon, tal søknader og tilgjengelege middel til fordeling.

 

Kven kan søkje om midlar

Kommunane skal bruke midlane på lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer kostnadene eller tapa for lokale verksemder som følgje av smitteverntiltak og stenging.

Bedrifter i desse bransjane vil bli prioriterte:

•           Reiselivs- og arrangementsnæringar

•           Servering og skjenking

•           Reisearrangørar og overnatting

•           Andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar

 

For alle kategoriar nemnde ovanfor gjeld:

•           Tilskot vil bli gitt etter notifisert ordning for støtte etter statsstøtteregulativet

•           Hovuddelen av drifta må vere lokalisert i kommunen

•           Lokale avdelingar i større konsern vil normalt verte avviste frå ordninga

 

Kommunane har betydeleg fridom til å tilpassa kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

 

Krav til dokumentasjon og vedlegg

Kommunen ber om følgjande vedlegg:

•           Skatteattest og eventuell dokumentasjon på innvilga betalingsutsetjing frå Skatteetaten ved uteståande beløp. Ved eventuelle betalingsmerknader mot bedrifta, må forklaring frå autorisert rekneskapsførar leggjast ved.

•           Halvårsrekneskap 2021, periodisert og kontospesifisert med både balanse og resultat

•           Årsrekneskap for 2020.

 

Søknadsskjemaet

Søknadsskjema får du også tilgang til når du opnar søknadsportalen (www.regionalforvaltning.no)

 

Prosedyre for sakshandsaminga

Framgangsmåten vert som ved tidlegare tildeling, dvs.:

1.          Næringssjefen lyser ut midlane på www.regionalforvaltning.no med ein tidsfrist for å søkje saman med informasjon frå dei sentrale /regionale føringane

2.          Utlysinga vert kunngjort på kommunen sine heimesider/Facebook-sider og som annonse i Nyss med vising til heimesida.

3.          Næringssjefen vurderer innkomne søknader og legg fram innstilling til Formannskapet. Kommunen tek sikte på å få handsama søknadene i FOR på møtet 15.02, men det vil m.a. vere avhengig av om søkjarane klarar å skaffe fram naudsynt dokumentasjon til søknaden tidsnok.

4.          Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling og søkjarane får tilsendt svar.

 

Søknadsfrist: Fredag 28. januar, 2022.

Det er gitt ein relativt kort søknadsfrist fordi departementet ønskjer at midlane skal kome i arbeid snarast råd.

 

Råd til den som tenkjer å søkje støtte

•           Start innhenting av dokumentasjon

•           Bruk hovudkriteria for denne tildelinga som altså er tiltak som gjer at ein kan oppretthalde arbeidsplassar og ta vare på viktig kompetanse i bedrifter.

 

Anna informasjon

•           Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege, men kommunen vil halde unna informasjon som er U.off etter Offentleglova.

•           Kontaktperson for spørsmål og hjelp i søknadsprosessen er Åsne Folstad, e-post asne@skaparglede.no mobil 92455852

 

 

 

Åsne Folstad

Dagleg leiar Sykkylven Næringsutvikling/

Næringssjef Sykkylven kommune

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen