(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompenssjonsordning Sveio - 6

Sveio kommune har til fordeling kr 294 000,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. 

 Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Kven kan søkje/kriterar: 

  • Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien.
  • Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av tapskostnadane og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan maks søkjast om kr 100 000,-.
  • Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.

Korleis søkje: 

Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no. 

Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Sveio - 6». 

Dokumentasjon på tap/kostnader bedrifta har hatt etter 1 mai 2021 skal leggast ved søknaden.  

 

Vurdering av søknadar: 

Atheno vil på vegne av Sveio kommune handsama søknadane og gje ei tilråding til kommunen som tek endeleg avgjerd om tildeling. 

 

Søknadsfrist: Siste frist for innsending av søknad er 18. februar 2022. 

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, kontakt Reidun Rykkje Atheno. reidun@atheno.no Tlf 917 45 102 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen