(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning runde 6, nasjonalt notifisert ordning, Sunnfjord kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

For bedrifter som igjen er hardt ramma av smitteverntiltak  - kommunal kompensasjonsordning runde 6 er lyst ut med søknadsfrist 1. februar 2022

 Sunnfjord kommune er i sjette runde tildelt kr. 1.623.000 til kommunal kompensasjonsordning. Hensikta er å avhjelpe situasjonen i kommunar med næringsliv som igjen vert ramma av nye smittevernstiltak, og lokale verksemder vert med dette invitert til å søkje på midlane. Dette er DEL 6 av same kompensasjonsordning der Sunnfjord kommune tidlegare i 2021 er tildelt midlar i DEL 1, 2 og 3 (Kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter).

Målet med ordninga er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedrifter. Midlane skal hjelpe lokalt næringsliv gjennom ein ny periode med inngripande koronatiltak. Ordninga skal og fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane eller lønnsstøtteordninga.

Søknadsprosessen er enkel og tilskotet er i stor grad tillitsbasert. Nærare om kriteria og prioritering for tildeling av støtte:

 

Sunnfjord kommune har sett følgjande kriterier for tildeling i runde 6

(under føresetnad av at formannskapet godkjenner dette i møte 20.01.22)

Mål for ordninga (lyst ut som nasjonal notifisert ordning)
Ordninga skal sikre tilgang til likviditet i verksemder og dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19-pandemien, ved hjelp av direkte tilskot. Ordninga skal rettast mot lokale verksemder.

Tilskotet kan dekke
 
Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:

  • har tap av omsetning/inntekt som følge av Covid-19-pandemien eller den påfølgande økonomiske nedgangen
  • har auka kostnader som følgje av tiltak for å unngå spreiing av Covid-19, og kostnader direkte knytt til Covid-19-lågkonjunktur
  • har tap av varer pga. Covid-19-pandemien

Målgruppe for den 6 runden – kven kan søke
 
Prioriterte i denne tildelinga er (i følgjande rekkefølge):

  1. Bedrifter i bransjar med næringskode 55,56 og 79, som kan dokumentere at dei har lidd eit økonomisk tap som følgje av nasjonale smittevernstiltak og skjenkestopp i desember 2021. Desse bransjane vil bli prioritert:
    • Overnattingsverksemder, herunder hotell (næringskode 55)
    • Serveringsverksemder, herunder restaurantar og barar (næringskode 56)
    • Reisebyrå- og reisearrangørverksemder (næringskode 79)
  2. Andre verksemder som av ulike grunnar har falle utanfor eller ikkje fått støtte i dei tidlegare tildelingsrundane av den kommunale kompensasjonsordninga

 Viss det er verksemder som openbart driv innanfor desse næringskodane, men som av ulike årsaker er registert med ein anna næringskode i Brønnøysundregisteret, vil dette bli teke omsyn til i saksbehandlinga.

Storleik på tilskotet

  • Storleiken på tilskotet vil bli forholdsmessig vekta mot storleiken på tapet
  • Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 300.000 per bedrift
  • Prosentvis tildeling vil bli vurdert i forhold til tal søknader

Krav til søkarane

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Sunnfjord kommune
  • Verksemd som er del av eit konsern kan søke, men kan kun motta støtte for den økonomiske aktiviteten som er lokalisert i Sunnfjord kommune
  • Verksemda må ha tilsette eller ha innleige av personell frå same konsern
  • For enkelmannsføretak må føretaket si inntekt vere minst ein av eigarane si hovudinntekt
  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
  • Verksemda må ikkje ha uteståande skattar og/eller avgifter
  • Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og korleis denne støtta er heimla. Konsern må oppgje støtte på konsernnivå.
  • Verksemda kan ikkje bli kompensert via andre ordningar for det tapet det vert søkt om støtte til gjennom denne ordninga. For eksempel kan ikkje verksemda motta støtte frå denne ordninga og andre covid-19 ordningar (som lønnsstøtte og den generelle komp.ordninga) som direkte eller indirekte dekkar dei same kostnadene for den same perioden.

Krav til dokumentasjon
 
For å kvalifisere til støtte må følgande dokumentasjon leggast med som vedlegg til søknaden:

  • For verksemder i prioriteringsgruppe 1:
    Dokumentasjon av tap/kostnader i desember 2021 attestert av rekneskapsførar, i form av
    • Faktisk omsetningstap i desember 2021. Omsetningstapet utgjer differansen mellom omsetning i tilskotsperioden (desember 2021) samanlikna med omsetning i desember 2019. For nystarta verksemder er samanlikningstala omsetning for november 2021 eller budsjett for desember 2021.
    • Spesifikasjon av kostnader som er ein direkte konsekvens av smitteverntiltak og nedstenging i desember 2021.
  • For verksemder i prioriteringsgruppe 2:
    Andre verksemder som av ulike grunnar har falle utanfor eller ikkje fått i tidlegare rundar, må dokumentere tapet samt forklare årsaken til tapet og kvifor verksemda har falle utanfor dei tidlegare tildelingsrundane
  • Samtlege søkarar må også legge ved:
  • Årsrekneskapen for 2020 og siste avlagte perioderekneskap for 2021.
  • Skatteattest RF 1316 (attest for skatt og meirverdiavgift) datert 31.12.21 eller seinare. Viser denne restansar må ein dokumentere utsettingsavtalar med Skatteetaten.
  • Det er ikkje krav til revisorattestert dokumentasjon, men ein må vere førebudd på å levere det viss det vert etterspurt

Søknad - frist 1. februar 2022

  • Regelverk for offentleg støtte gjeld, og midlane blir tildelt under den nasjonalt notifiserte ordninga.
  • Ein forenkla søknad skal sendast inn gjennom regionalforvaltning.no under søknadsskjema med tittel «Kommunal kompensasjonsordning runde 6, nasjonalt notifisert ordning, Sunnfjord kommune». Der skal og eigenerklæring om offentleg støtte og eigenerklæring om verksemda er i økonomiske vanskar fyllast ut.

For meir informasjon og spørsmål, ta kontakt med Sunnfjord Utvikling:

Sunnfjord Utvikling AS er Sunnfjord kommune si førstelinjeteneste innan næringsutvikling og er sett til å forvalte det kommunale næringsfondet og kompensasjonsmidlane på vegne av kommunen. 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen