(Du er ikke pålogget) 
 

Lokal kompensasjonsordning runde 6 - Lom kommune

Det blir foreslått følgjande retningslinjer for Lom kommune i sjette tildelingsrunde:

Kven kan få tilskot?

  • Bedrifter med tap av omsetning/inntekt som følgje av covid-19-pandemien i perioden 1. november – 31. desember 2021, samanlikna med tilsvarande periode i 2019.
  • Bedrifter med auka kostnadar som følgje av covid-19 i perioden 1. november – 31. desember 2021, samanlikna med tilsvarande periode i 2019.
  • Bedrifter som har tapt varer på grunn av covid-19-pandemien i perioden 1. november – 31. desember 2021, samanlikna med tilsvarande periode i 2019.
  • Nyetablerte som er hardt ramma av korona men som ikkje har samanlikningsgrunnlag i 2019 kan søkje kompensasjon for uunngåelege faste kostnadar i perioden 1. november – 31. desember, jamfør definisjonen bruk i den nasjonale kompensasjonsordninga. Vilkåret er at dei har gått med underskot i perioden. Dersom dei har gått med overskot kan dei likevel søkje om kompensasjon for tapt varelager.
  • Bedrifter må ha forretningsadresse i Lom kommune for å få tilskot. Verksemd som er del av eit konsern kan søke, men kan kun motta støtte for den økonomiske aktiviteten som er lokalisert i Lom kommune.

Kven kan ikkje få tilskot:

  • Bedrifter som er fullfinansierte eller får inntektene sine fastsette av offentleg sektor (t.d. barnehagar)
  • Føretak som var i (økonomiske) vanskar pr. 31.12.19, bortsett frå små føretak og mikroføretak, dvs. dermed færre enn 50 tilsette og årleg omsetnad/balanserekneskap på maks 10 mill. Euro
  • Finanssektoren
  • Friviljuge lag og foreiningar

    Korleis blir tilskotet rekna ut:

  • Det kan gjevast inntil 100% kostnadsdekning, men med ein makssum på kr. 150 000 pr. bedrift. Dersom det ikkje er tilstrekkeleg med midlar til å innvilge heile prosentsatsen vil tilskotet bli avkorta forholdsmessig.

    Kva må søknaden innehalde:

  • Kort om bakgrunnen til at bedrifta søkjer om kompensasjon (legg inn som vedlegg i søknadsskjema)
  • Oversikt og dokumentasjon på tap / auka kostnadar i perioden 1. november – 31. desember 2021, samanlikna med tilsvarande periode i 2019. Heile summen kan førast inn som søknadsbeløp, inntil maksimumsbeløpet på kr. 150 000 pr. bedrift.
  • Nyetablerte fører inn tapt varelager og/eller faste, uungåelege kostnadar i perioden 1. november – 31. desember 2021.
  • Rekneskap i perioden 1. november -31. desember 2021 samanlikna med same periode i 2019
  • Eigenerklæring (ligg i skjemaet på regionalforvaltning)
  • Informasjon om tidlegare mottatt offentleg støtte (ligg i skjemaet på regionalforvaltning)
  • Regelverk for offentleg støtte gjeld, og midlane blir tildelt under den nasjonalt notifiserte ordninga.

Alle søknadar må sendast inn via www.regionalforvaltning.no

Lom kommune er pålagt revisjon av ordninga, og det vil derfor bli tatt stikkprøver. Feilaktige opplysningar kan føre til at deler eller heile kompensasjonen blir inndratt. Ved spørsmål og dialog i forkant av innsending av søknaden, ta kontakt med næringssjef Åshild Myhre Amundsen i Lom kommune, ashild.amundsen@lom.kommune.no / 975 22 977.

Søknadsfristen er 20. februar 2022, og sakane vil deretter bli tatt opp til politisk handsaming ved fyrste høve, fortrinnsvis 8. mars.

 

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen