(Du er ikke pålogget) 
 

Skaparkraft - Infrastruktur for forsking og innovasjon

Formål med ordninga
Formålet med ordninga er å: 

  • Kartlegge behov for ny infrastruktur for forsking og innovasjon, for eksempel teknologi, laboratorie- og testfasilitetar 
  • Mobilisere kommunar og bedrifter til å ta i bruk eksisterande infrastruktur

Med infrastruktur til forsking og innovasjon meiner vi teknologi, laboratorie- og testfasilitetar til bruk i forskings- og innovasjonsprosessar.

Kva kan du søke støtte til?
Ein kan søke støtte til prosjekt innanfor to områder: 

Kartlegging av behov 
Kartlegge behov for infrastruktur som skal medverke til fleire og betre forskings- og innovasjonsprosjekt i Møre og Romsdal. Kartlegginga skal bidra til forankring av behova i forskings- og innovasjonsmiljøa, næringsliv og kommunar i Møre og Romsdal. Kartlegginga skal, gjennom å synleggjere behova, posisjonere regionen til å nå opp i den nasjonale konkurransen om forskings- og innovasjonsinfrastruktur, slik som Forskingsrådet, katapultordninga eller privat finansiering. 

 Kartlegginga vil og vere kunnskapsgrunnlag for eventuell framtidig støtte frå fylkeskommunen i tilfelle der finansiering frå fylkeskommunen kan vere utløysande for mindre prosjekt eller for anna finansiering. I tilfelle der kartlegging allereie er gjennomført, kan det vere opning for å støtte mindre infrastrukturinvesteringar. 

Mobilisering til bruk av eksisterande infrastruktur 

Skal medverke til at bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal får tilført kompetanse om korleis dei kan nyttiggjere infrastruktur for forsking og innovasjon i og utanfor Møre og Romsdal. 


Fylkeskommunen kan støtte inntil 50 prosent av kostnadane i prosjekta.

 

Vurderingskriteria 

Prosjekta vert vurdert opp mot følgjande kriterium:

  • Søkar må synleggjere korleis prosjektet tek omsyn til FN sine berekraftmål. 
  •  Regional relevans, dvs. kor godt prosjektet treff behova i bedrifter, kommunar og innovasjons- og forskingsmiljø i Møre og Romsdal. 
  •  For prosjekt som skal medverke til mobilisering til auka bruk av eksisterande infrastruktur, må ein tydeleggjere på kva måte dette vil utfylle eksisterande ordningar.
  •  Fylkeskommunen vil prioritere søknadar med samarbeid mellom fleire aktørar. 
  •  Prosjektorganisering og gjennomføringsevne.

Kven kan søke
Forskings- og innovasjonsmiljøa i Møre og Romsdal. Forsking og innovasjonsmiljø i fylket er i denne samanhengen definert som godkjente forskingsmiljø i Forskingsrådet og etablerte innovasjonsmiljø i fylket, til dømes operatørar innanfor næringshage- og inkubatorprogrammet. Prosjektet kan skje i samarbeid med nasjonale aktørar som ønskjer å utfylle forskings- og innovasjonsinfrastrukturen i Møre og Romsdal.

 Søknadsfrist

15.mai 


Korleis søker du?

Søk via regionalforvaltning.no 

 Støtteordninga heiter Skaparkraft - infrastruktur for forsking og innovasjon»


Økonomisk ramme for ordninga:

Inntil 2 mill. kroner 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen