(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning Bjørnafjorden kommune #7 - mars 2022

Bjørnafjorden kommune har fått tildelt kr. 936 000,- i ny tildelingsrunde vedtatt i Stortinget 24. januar 2022. Midlane vert no lyst ut.

Føremålet er å avhjelpe situasjonen for den delen av næringslivet som har vore ramma av inngripande smitteverntiltak innan bransjane;

  • servering,
  • overnatting,
  • sport og fritid,
  • reisebyrå og -arrangørar,
  • kunst og underhaldning og
  • kongress-, messe- og utstillingsverksemder.

Bjørnafjorden kommune vil særleg vurdere verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei tidlegare generelle kompensasjonsordningane, som m.a. nystarta verksemder.

Støtta vil bli fordelt med lik sum til kvar av dei verksemdene som er kvalifisert.

Søkar må legge ved årsrekneskapen for 2019, 2020 og mellombels årsrekneskap 2021. Nystarta verksemder må legg ved tilgjengeleg årsrekneskap.  

Det må også opplysast kor mykje ein har mottatt i støtte tidlegare i 2021.

Om verksemda er del av eit konsern, må det opplysast om, saman med kor mykje heile konsernet har motteke i støtte.

Søknadsfrist er torsdag 31. mars 2022. Vi tek sikte på utbetaling i den påfølgande veka. 

Søknad via regionalforvaltning.no

Kontaktperson: Næringssjef Jan Vidar Dammen-Hjelmeset, jvdh@bjornafjorden.kommune.no, tlf 990 15 025

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen