(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til auka verdiskaping i frukt, bær og grøntnæringa

Opprett ny søknad på støtteordning

Fylkeskommunen lyser ut 3,25 millionar kr til tiltak som kan bidra til å auke verdiskapinga i frukt, bær og grøntnæringa i fylket. Midlane skal gå til å skaffe ny kunnskap eller til målretta utviklingsprosjekt.

Omlag 12 % av verdiskapinga i jordbruket i fylket er knytt til produksjon av frukt og bær. Å auke verdiskapinga ute på gardane er viktig for å sikre drifta. Verdiskapinga kan aukast både ved å optimalisere og utvikle gjeldande produksjon og ved å auke den samla produksjonen. Det er venta ein stor auke i etterspurnad etter frukt og grønt nasjonalt i åra framover. Fylkeskommunen ynskjer å bidra til at Vestland tek sin del av den venta veksten.

Tema som kan vere aktuelle å ta tak i: 

- auke produksjonen i tråd med auke i etterspurnaden 

- ny driftsteknologi og nye driftsmetodar  

- prøve ut og ta i bruk alternative dyrkingsmetodar og nye sortar   

- sikre kvalitet i heile verdikjeda  

- produktutvikling og vidareforedling 

- kartlegge potensiale for og hindringar for vekst 

- stimulere til forskingsbasert utvikling og innovasjon 

 Les meir om vilkåra for å søkje og sjå kontaktinformasjon på www.vlfk.no. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen