(Du er ikke pålogget) 
 

Søkbar støtteordning i samband med ekstraordinære straumkostnader i næringslivet

Opprett ny søknad på støtteordning

Ullensvang kommune innfører ei søknadsbasert straumstøtteordning for næringslivet. Dersom staten innfører ei straumstøtteordning for Næringslivet så fell Ullensvang kommune si ordning bort. Ullensvang kommune si ordning vert vedteke slik:

  • Støtta er tilsvarande den statleg støtta som er etablert for landbruket. Støtta dekkjer 80% av kostnadene over 70 øre/kWh eks mva for straumforbruket i juliseptember 2022
  • Grunnlaget er gjennomsnittleg spotpris i månaden.
  • Stønaden vert utbetalt basert på rekning for juli-september 2022
  • Det vert gitt støtte for forbruk på inntil 60 000 kWh per verksemd for 3 månadar.
  • Ordninga er tillitsbasert. Dei som misbruker ordninga må tilbakebetale støttebeløp med renter. 

Kven kan søkje?

  • Ordninga gjelder alle små og mellomstore verksemder. Små og mellomstore verksemder blir definert som verksemder med mindre enn 100 tilsette og mindre enn 100 millionar kr i årleg omsetning.
  • Ordninga gjeld ikkje for offentleg verksemder
  • Ordninga gjeld ikkje for produsentar av kraft
  • Verksemda må stadfeste at dei ikkje er omfatta av ei statleg ordning.
  • Verksemda må stadfeste at dei ikkje kjem over grensa for bagatellmessig støtte.

 

Søknaden må innehalde:

  1. Straumrekning frå juli til og med september 2022.
  2. Stadfesting om at verksemda ikkje er omfatta av ei statleg ordning
  3. Verksemda må stadfeste at dei ikkje kjem over grensa for bagatellmessig støtte. Dokumenter all bagatellmessig støtte verksemda har mottatt dei siste tre år. (T.D. er Ullensvang Næringsfond betalt ut som bagatellmessig støtte.)

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen