(Du er ikke pålogget) 
 

Fylkeskommunalt næringsfond

Giske kommune har tre næringsfond øyremerkt for lokal utvikling og støtte:

  • Hoppid-fond for etablerarar
  • Kommunalt næringsfond
  • Fylkeskommunalt næringsfond

Det fylkeskommunale næringsfondet kan nyttast både til bedriftsretta tiltak (konsulenthjelp, kompetanseheving, marknadsføring, marknadsundersøking og etableraropplæring m.v.) og til tilretteleggjande tiltak (omdømmebygging, seminar, konsulenthjelp, nettveksbygging osb.). Fondet kan ikkje nyttast til  bl.a. ordinær drift, direkte investeringsstøtte, eigenkapital, renter/ avdrag og refinansiering, kausjon og garantiar eller ordinære kommunale utviklingsoppgåver.

Søknader vert behandla fortløpande. Firma, personar og kommune kan søkje dei einskilde næringsfonda om støtte til tiltak. Vedtak om tildeling av midlar vert gjort politisk av Giske næringsutval (formannskapet), etter innstilling frå rådmannen ved næringssjef.
Det fylkeskommunale næringsfondet vert regulert ved tildeling frå Møre og Romsdal fylkeskommune kvar vår.

Søknad til fondet sendast til Giske kommune, rådhuset, 6050 Valderøya.

Kontakt oss:

Spørsmål om næringsfonda i Giske kan stillast til: Næringssjef Henrik Wang, hewa@giske.kommune.no, tel. 70188015/ 95725507

Sjå meir informasjon om andre fond (kommunalt næringsfond og hoppid-fond):

Elektronisk søknadskjema
Regelverk for kommunalt næringsfond i Giske

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen