(Du er ikke pålogget) 
 

Regionalt næringsfond for Setesdal 2026

Regionalt næringsfond Setesdal 2026

 

Regionalt næringsfond for Setesdal 2026 omfattar kommunane Åseral, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle, og blir forvalta av Setesdal interkommunalt politisk råd (IPR) i tråd med gjeldande samarbeidsavtale mellom kommunane.

 

Formål og prioriteringar

 Regionalt næringsfond er eit verkemiddel for å bidra til næringsutvikling i Setesdal, innanfor dei overordna prioriteringane til Setesdal IPR.

I styremøte i desember 2025 vedtok styret i Setesdal IPR ei reduksjon i den samla økonomiske ramma for regionrådet.  Det ble også endring retning for kva type tiltak og prosjekt regionrådet skal støtte. Som følgje av dette vil regionalt næringsfond i 2026 ha eit meir tydeleg regionalt fokus. Midlane skal i hovudsak prioriterast til prosjekt som har stor og vesentleg regional betydning for heile Setesdalsregionen, og som bidrar til utvikling, omstilling og verdiskaping i hele regionen.

Prosjekt som:

  • har brei regional forankring og/eller involverer fleire kommunar
  • gir langsiktige utviklingseffektar for heile regionen
  • styrkar samarbeid, innovasjon eller felles regionale satsingar

vil bli prioriterte. Tiltak med avgrensa lokal eller bedriftsintern effekt vil i mindre grad bli prioriterte.

 

Overordna mål

Støtta skal bidra til eitt eller fleire av desse måla:

  • auka verdiskaping og konkurransekraft i Setesdal
  • styrkt regionalt samarbeid og felles løysingar
  • nye eller tryggare arbeidsplassar i regionen
  • innovative og berekraftige næringsprosjekt
  • kompetanseutvikling og betre tilgang på relevant kompetanse
  • omstilling til eit meir berekraftig og lågutsleppsbasert næringsliv
  • likestilling, inkludering og mangfald i regional næringsutvikling

 

Saksbehandling 

Søknader vert handsama i samarbeid med Setesdal næringsforum, og i dialog med regionalt verkemiddelapparat. Ein legg til grunn vedtektene for regionalt næringsfond Setesdal. 

 

Tildeling av midlar skjer i tråd med EØS-regelverket for offentleg støtte. Fondet består av Setesdal IPR sine eigne midlar og rammebevilgning frå Agder fylkeskommune.

 

Søknad

Søknader skal sendast via regionalforvaltning.no. Det vert tilrådd å ta kontakt med næringsrådgjevar i eigen kommune eller dagleg leiar i Setesdal IPR før søknad blir sendt inn.

Søknaden skal innehalde ei tydeleg beskriving av prosjektet, målsettingar, regional relevans, budsjett og finansieringsplan, saman med nødvendige vedlegg.

 

Søknad

Søknadsfrister: 01.02.2026 og 01.09.2026. Søknader blir behandla fortløpande etter innkommet søknad.

 


9. Før du søker

Vi tilrår at du tek kontakt med næringssjefen i kommunen din for å avklare om prosjektet ditt kan vere eigna for å søkje støtte.


Åseral kommune: 
Hennie Engedal Lindøe
hennie.engedal.lindoe@aseral.kommune.no

Evje og Hornnes kommune:
Morten K. Haraldstad
morten.haraldstad@e-h.kommune.no

Bygland kommune:
Gyro Heia
gyro.heia@bygland.kommune.no

Valle kommune:
Åse Ingebjørg Flateland
ase.ingebjorg.flateland@valle.kommune.no

Bykle:
Nils Marcus Lund
nils.johan.markus.lund@bykle.kommune.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen