(Du er ikke pålogget) 
 

Innovasjonsavtalar for operatørar av næringshage- og inkubatorprogram 2027-2029

Opprett ny søknad på støtteordning

Utlysing av innovasjonsavtalar for operatørar av næringshage- og inkubatorprogram

Operatørar av næringshage- og inkubatorprogram i Vestland kan no søkje om innovasjonsavtale med Vestland fylkeskommune. Innovasjonsavtalar er den nye ordninga for samarbeidsavtalar.

Målet med ordninga er å styrkje gründerskap, nyetableringar og små og mellomstore bedrifter i Vestland si evne til innovasjon, vekst og omstilling, ved å styrke sentrale aktørar i det regionale innovasjonssystemet.

Innovasjonsavtalane er eit verkemiddel for å skape betre samspel mellom offentlege ressursar og dei aktørane som driv innovasjonsarbeid på vegne av fellesskapet. Gjennom tettare samarbeid mellom fylkeskommunen og innovasjonsaktørane kan vi utnytte ressursar og  kompetanse betre, unngå dobbeltarbeid og sikre at innsatsen frå fleire bidragsytarar trekkjer i same retning.

Gjennom opptak til inkubasjons- og næringshageprogrammet har aktørane ei sentral rolle i innovasjonssystemet. Ordninga med innovasjonsavtalar skal støtte selskapa og bidra til å styrke deira rolle som regionale utviklingsaktørar.

Meir informasjon om ordninga og kontaktinformasjon finn de på Vestland fylkeskommune si nettside

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen