(Du er ikke pålogget) 
 

Stimuleringsfondet - Aukra Næringsforum

Retningsliner for tildeling av midlar frå fondet

"STIMULERINGSTILTAK FOR NÆRINGSLIV OG NÆRINGSUTVIKLING".

 

Føremål med fondet 

Gi politisk handlekraft i situasjonar kor kommunen meiner det er viktig å sette inn tiltak for å:

  • Sikre og oppretthalde arbeidsplassar
  • Sikre eller opprette variert næringsverksemd
  • Investering i forskning og utvikling, t.d. gjennom høgskole og forskningsmiljø. [1]

Fondet sitt bruksområde 

Fondet kan nyttast til å investere i strategiske anleggsmidlar. Fondet kan i særskilte høve også nyttast til å gje tilskot. [2]Søknader må vurderast opp mot reglane for offentleg støtte. [3]

Fondet kan nyttast til å investere i selskap (aksjekjøp). [4] [5]

Investeringar:

Investeringar som føljer dette reglementet fell utanfor reglane i finansreglementet. 

Aukra kommune er i sone 1a, og ein kan fra° 2022 ogsa° gje støtte til bygg, anlegg og utstyr -– sa°kalla «hard» støtte. Dette i tillegg til sa°kalla «mjuk» støtte (prosjektering, sal, marknadsføring og liknande).[6]

Støtte til investeringar må gjerast etter markedsinvestorprinsippet. [7]

Tilskot:

Søknader vurderast i høve til reglane for bagatellmessig støtte. Tildeling vert avstemt mot øvrige offentlege støtteordningar, t.d. ekstraordinære ordningar i samband med pandemisituasjonen og/eller t.d. støtte gjennom Innovasjon Norge.[8]

Samla tilskot fra° Stimuleringsfondet skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av prosjektet sin kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75 prosent. [9]

Mynde 

Aukra næringsforum vert delegert mynde til forvaltning av fondet og rapporterer til Aukra kommunestyre om tildelingar. [10]

Dokumentasjon 

Forvaltar skal sjå til at tilstrekkeleg dokumentasjon er henta inn før avgjerd blir tatt. Ved kjøp av eigardelar skal det hentast inn rekneskap for dei tre siste åra, gjeldane forretningsplan og plan for å sikre framtidig drift med budsjett. I tillegg må nødvendig utredningar og dokumentasjon hentast inn i den konkrete saken, gjeme eksterne vurderingar. 

Ekstern kvalitetssikring av søkjars forretningsplan bør hentast inn, og bistand til utarbeidelse ved manglande kvalitetssikra forretningsplan bør inngå som ein del av prosessen. 

Utviding av fondet 

Kommunestyret vedtek ramme og ev ekstra løyve ved t.d. pandemi og andre kriser. [11]

 

 

Aukra kommune, 2010/740-4/242 Vedteke i K-sak 85/10 den 28.10.10.

Oppdatert: 2011/101-20 Vedteke i K-sak 12/12 den 09.02.2012.

Oppdatert: 20/01450-1 Vedteke i K-sak 20/20 den 02.04.2020.

Oppdatert: PS-43/22 Vedteke i kommunestyret 08.09.2022.



[1] Referansen til Sintef blei tatt ut som følge av K-sak 12/12.

[2] Høve til å gje lån blei tatt ut av retningslinene som følge av K-sak 12/12.

[3] Tatt inn som følgje av K-sak 20/20.

[4] Fondet kan nyttas til å investere i selskap (aksjekjøp) ble tatt inn som følge av K-sak 12/12.

[5] K-sak 12/12: Formannskapet fekk delegert mynde til å gje tilskot, medan kommunestyret vedtek anna engasjement, t.d. aksjekjøp. I samband med tilskotstildeling/offentleg støtte vil rådmannen gjere merksam på regelverk gjennom EØS-avtalen, der ein kun kan gje såkalla bagatellmessig støtte, begrensa av kr 300.000.

[6] Avgrensing om at fondet ikkje kan nyttast til bygg, anlegg og/eller ustyr (såkalla «hard støtte») blei tatt inn som følgje av vedtak i K-sak 20/20, men endra og åpna for 08.09.2022 med vedtak i sak PS-43/22.

[7] Krav om at eventuelle investeringar skal følgje markedsinvestorprinsippet ble tatt inn som følgje av K-sak 20/20.

[8] Tatt inn som følgje av K-sak 20720.

[9] Retningslinene vert harmonisert med støtteniva° for det som er vanlig for andre

offentlege støtteordniingar – endra 08.09.2022 i PS-43/22.

[10] Mynde ble overført frå Formannskapet til Aukra Næringsforum som følgje av vedtak i K-sak 20/20: «Aukra kommunestyre vedtek å delegere forvaltning av fondet «Stimuleringstiltak for næringsliv og næringsutvikling» til Aukra næringsforum, i tillegg til tidlegare delegering av forvaltninga av kompensasjonsordninga for auka arbeidsgivaravgift (RDA).»

[11] Endret som følgje av K-sak 20/20.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen