(Du er ikke pålogget) 
 

Skaparkraft - Grøne industrielle løft

Opprett ny søknad på støtteordning

Formål:

Ordninga rettar seg mot prosjekt med potensiale for utvikling av sirkulære verdikjeder og industrielle symbiosar som styrkar Møre og Romsdal sin globale konkurransekraft. Utvikling og/eller bruk av smart teknologi, og særskilt kunstig intelligens kan være ein del av prosjektet.

Ei sirkulær verdikjede er ein bedriftsmodell eller produksjonsprosess som er designa for å redusere avfall og negative miljøpåverknadar ved gjenbruk av materialar og ressursar så lenge som mogleg. Målet med sirkulær verdikjede er å skape ein meir berekraftig økonomi ved å forlenge produktets levetid og redusere behovet for nye ressursar.

Industriell symbiose er ein strategi for å oppnå sirkulær økonomi gjennom at bedrifter/verksemder innanfor eit geografisk avgrensa område samarbeider om bruk av ressursar som eksempelvis materialar, energi, vann og/eller bi-produkt.

Kva kan du søke tilskot til

Ein kan søke på forprosjekt eller forstudie som kan legge til rette for framtidige større prosjektsøknader med nasjonale og /eller internasjonale midlar.

Det  gis støtte til ein prosjektperiode på maksimalt eitt år.

Vurderingskriterium:

  • Bakgrunn og mål med prosjektet
  • Prosjektorganisering, prosjektdeltakarar og gjennomføringsevne
  • Potensiale for berekraftig eksport
  • Aktivitetar som bidrar til å utvikle sirkulære verdikjeder / industrielle symbiosar
  • Korleis prosjektet bidrar til:
    • Reduksjon i klimagassutslepp
    • Forbetra tilstand for naturmangfald og miljø, arealbruk
    • Samarbeid i regionen
  • Korleis prosjektet bidrar til kompetanseheving i regionen  


Kven kan søke

Regionale utviklingsaktørar som til dømes konsortium mellom fleire bedrifter, klynger, innovasjonsselskap (næringshagar og inkubatorar), forskingsaktørar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar i samarbeid med fleire konkrete bedrifter. 

Konsortium må minimum bestå av tre partnarar, der minimum to av aktørane må vere bedrifter.

Kven kan ikkje søke

Enkeltbedrifter og kommunar

Generelle vilkår

  • Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift. 
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
  • Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan. 
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats kan prisast til maksimalt 1 100 kroner per time.
  • Søkar må opplyse om ein har mottatt anna offentleg støtte dei  siste tre åra. Søknaden vert vurdert etter statstøtteregelverket i tråd med  gruppeunntaksfordningen (GBER)  artikkel 25 (d). 
  • Søknad og saksbehandling er offentleg
  • Ved prosjektets avslutning skal det leverast prosjektregnskap og ein kort rapport som viser oppnådde resultat

Korleis søker du?
Søk via 
Regionalforvaltning.no.  

Støtteordninga heiter "Skaparkraft – Grøne industrielle løft” 

Søknadsfrist
26. august , 14. oktober og 04. november 

Prosjekt med høgast skår sett i høve vurderingskriteria, vert lagt fram for politisk handsaming i Kompetanse- og næringsutvalet.

Økonomisk prosjektramme
1 mill. kroner pr forprosjekt.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen