(Du er ikke pålogget) 
 

Bedriftsintern opplæring (BIO)

Opprett ny søknad på støtteordning

Bedriftsintern opplæring (BIO-midlar)

 Kontakt før søknad Vi tilbyr alle potensielle søkarar eit avklaringsmøte i forkant av søknadsprosessen for å drøfte bakgrunn og behov. 

Formål: Kva samfunnsutfordring skal ordninga bidra til å løyse? Kva mål i fylkesplanen skal ordninga bidra til å nå?

Støtte til bedriftsintern opplæring kan bli gitt til kompetansetiltak som stimulerer til  grøn omstilling i bedrifter i Møre og Romsdal.

Formålet med grøn omstilling er å redusere klimautsleppa, bevare naturressursar og biodiversitet, og bidra til ei meir rettferdig og berekraftig framtid for alle. Grøn omstilling kan inkludere ei  rekkje tiltak, som energieffektivisering, bruk av fornybare energikjelder, reduksjon av avfall og utslepp frå produksjonen, innføring og utvikling av grøn teknologi og infrastruktur, og fremme av berekraftig produksjon og forbruk.

Det må ligge eit konkret grønt omstillingsprosjekt til grunn for søknaden, og støtta skal nyttast til å styrke kompetansen blant dei tilsette, slik at bedrifta blir i stand til å iverksette og gjennomføre denne omstillinga. Omstillinga vil typisk innebere å:

  • gjere vesentlege endringar i produksjon,
  • introdusere nye produkt/tenester, eller
  • etablere seg i nye marknadar.

Det kan òg søkast om støtte til kompetansetiltak knytt til innføring av smart teknologi og digitalisering, som bidreg til grøn omstilling.

Ta kontakt dersom bedrifta har behov for å gjennomføre bedriftsintern opplæring for å unngå permitteringar eller oppseiingar (etter gamle kriterie for BIO-ordninga) 

Målgruppe: Kven kan søkje?

Bedrifter som har verksemd etablert i Møre og Romsdal, og omstillinga må gjelde verksemd  og tilsette i fylket.

Enkeltbedrifter kan søkje, eller fleire bedrifter i fellesskap der ei av bedriftene står som ansvarleg søkjar. 

Bedrifter som er i ferd med å bli avvikla eller nyetablerte oppstartbedrifter kan ikkje søkje.

Tilbydarar av kursing/undervisning og medlemsorganisasjonar eller liknande, kan ikkje søke på vegne av bedrifter.

Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til?

Opplæringsprosjekt som maksimalt kan vare i 26 veker, inkludert:

  • Kurskostnader, som løn til kurshaldar, lokale, servering m.m.

  • Kursmateriell – ikkje varig utstyr

  • Reiseutgifter knytt til sjølve opplæringa

  • Lønnsutgifter til tilsette under opplæring (maksimalt 2/3 av søknadssum) 

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til?

  • Ordinær drift utan omstilling, eller opplæring som kan karakteriserast som del av normal utvikling av bedrifta.

  •  Interne kartleggingsprosessar, gruppearbeid, idémyldring og planlegging.

  •  Opplæringsprosjekt det tidlegare er gitt tilskot til.

    Opplæring som er obligatorisk for at tilsette skal oppfylle fastsette nasjonale og internasjonale krav.

  •  Kostnader knytt til planlegging av tiltaket og utfylling av søknad.

 

Krav til opplæringa

   
  • Opplæringstida for kvar deltakar kan vare inntil 26 veker.
  • Opplæringa må være gjennomført innan 18 månader etter at søknaden er innvilga.
  • Opplæringa det blir søkt støtte til må ikkje starte før søknad og opplæringsplan er godkjend av fylkeskommunen.
 Krav til søknaden  
  • Søknad skal fyllast ut og sendast inn på www.regionalforvaltning.no
  • Søknad skal innehalde ei skildring av det konkrete grøne omstillingsprosjektet som ligg til grunn for kompetansetiltaket, der det går klart fram kva grøne gevinstar dette vil gi.
  •  Det må ligge føre ein opplæringsplan som inneheld;
  • Budsjett for opplæringsprosjektet
  • Siste årsrekneskap for bedrifta

Økonomiske rammer og vilkår

Det er graderte krav til eigenandel, der minimum er:

  • 30 prosent for små bedrifter (1-9 tilsette)
  • 40 prosent for mellomstore bedrifter (10-49 tilsette)
  • 50 prosent for store bedrifter (fleire enn 50 tilsette)

Maksimalt støttebeløp per prosjekt er 600 000 kroner, og maksimalt 40 000 kroner per deltakar i opplæringa.

Godkjend fast timesats for lønn under opplæring er 500 kroner per time.

Tilskotet blir betalt ut etter at opplæringa er gjennomført, og vi har mottatt sluttrapport gjennom www.regionalforvaltning.no

Delutbetaling, avgrensa til inntil 50% av tilskotet, kan vurderast ved særskilde behov.

Søkar må dokumentere utgiftene i eit prosjektrekneskap. Dersom tilskotet er over 200 000 kroner, og verksemda er revisjonspliktig skal prosjektrekneskapen attesterast av revisor. Verksemder utan revisjonsplikt må få attest frå autorisert rekneskapsførar.

Tilskotet vert tildelt som gruppeunntak i medhold av "Forskrift om unntak fra notifikasjonsplikt for offentlig støtte § 1 som henviser til EØS-avtalen vedlegg XV nr. 1j, Kommisjonsforordning (EU) nr. 651/2014, av 17. juni 2014, samt (EU) 2021/1237, av 23. juli 2021".

Støtta vert tildelt som opplæringsstøtte under artikkel nr. 31. 

Søknadsfristar i 2024

31. januar, 19. april, 31. august og 22. november

Økonomisk ramme

Det er sett av til saman 4 mill. kroner frå fylkeskommunen sin økonomiplan til BIO-ordninga i 2024. 


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen