(Du er ikke pålogget) 
 

Etablering og drift av studiesenter

Opprett ny søknad på støtteordning

Etablering og drift av studiesenter

Fylkeskommunane har fått midlar frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) øyremerka etablering og drift av studiesenter. Møre og Romsdal fylkeskommune lyser derfor ut inntil 4,5 millionar kroner til studiesenter i Møre og Romsdal. Søknaden skal gå gjennom regionalforvaltning.no. Søknadsfrist er 15.september.

Kva er eit studiesenter

Eit studiesenter er ein fysisk møteplass og læringsmiljø som legg til rette for desentralisert og fleksibel utdanning og kompetanseutvikling i distrikta i samsvar med behova til individ og offentlege og private verksemder. Det er vidaregåande skular, fagskular, høgskular og universitet som er fagleg ansvarleg for tilboda ved studiesentera.

Formål med ordninga

Ordninga har heimel i Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta.

Studiesenterordninga skal bidra til at utdanning og kompetanseutvikling blir tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette i verksemder som ikkje kan følgje ordinær undervisning ved dei faste studiestadene som følgje av lange avstandar.

Måloppnåing skal bli vurdert etter følgjande kriterium:

a.            auka innsats for etablering av fleire etterspurde fleksible og/eller desentraliserte tilbod om utdanning

b.            auka tal på personar som tileignar seg etterspurd kompetanse

c.            fleire utanfor arbeidslivet får utdanning og kompetanseutvikling.

Studiesentera oppmodast til å samarbeide med andre aktørar om å bruke eksisterande lokale til undervisning og samlingar.

Kven kan søkje om tilskot

 Private og offentlege verksemder, stiftelsar og organisasjonar, som er registrerte med organisasjonsnummer i Brønnøysundregistera, kan søkje om tilskot til studiesentera.

Søknadsfrist: 15.september 2025

Krav til innhaldet i søknaden

Tilskotet skal berre dekke kostnadar som er naudsynte for gjennomføring og føremålet med ordninga. Fylkeskommunen kan gi tilsegn om tilskot til studiesentera med ei varigheit på inntil tre år.

Søknaden må innehalde følgjande opplysningar om søkjar og økonomi:

a.

namn på søkjar og organisasjonsnummer

b.

kontaktperson, administrativt ansvarleg eller prosjektleiar

c.

tilskotsbeløpet det blir søkt om

d.

beskriving av kva det blir søkt om midlar til

e.

eit spesifisert og kostnadseffektivt budsjett og ein finansieringsplan

f.

informasjon om regional medfinansiering på minimum 20 prosent og/eller tilsvarande eigeninnsats.

Aktørar som yter regional medfinansiering etter første ledd bokstav f kan til dømes vere kommunar, fylkeskommunar, stiftelsar og næringsliv. Med eigeninnsats etter første ledd bokstav f meiner ein løn eller timeinnsats, økonomiske bidrag og honorar, samt lokale og utstyr.

Søknaden må òg innehalde følgjande:

a.

omtale av mål og målgrupper

b.

forventa resultat vurdert opp mot kriteria for måloppnåing

c.

gjennomføringsplan inkludert tidsplan

d.

eit relevant kunnskapsgrunnlag, frå til dømes fylkeskommunen, som beskriv behova i arbeidsmarknaden

e.

informasjon om at studiesenteret har kapasitet til å oppretthalde og/eller etablere nye studietilbod

f.

ein underteikna avtale mellom studiesenteret og utdanningsinstitusjon (eller tilbydar(ar)) om å samarbeide om eit desentralisert og/eller fleksibelt utdanningstilbod.

Den underteikna avtalen må òg innehalde informasjon om roller og ansvarsfordeling mellom dei involverte aktørane, fakta om dei konkrete tilboda dei vil samarbeide om, samt korleis studiesentera vil legge til rette for studiane for studentane.

Fylkeskommunen kan kreve ytterlegare dokumentasjon for å vurdere søknadane.

Kva kan det ikkje søkast om støtte til?

Tilskotet kan ikkje finansiere følgande:

a.            kausjon eller annan økonomisk garanti

b.            renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte studiesentertilbod

c.            avsetting av midlar til uspesifiserte fond

d.            fysiske bygg.

Tilskot kan ikkje finansiere følgjande driftskostnadar:

a.            utstyr over ein samla kostnad på 50 000 kroner

b.            løn til undervisarar som er finansierte av andre institusjonar og organisasjonar

c.            fagleg og pedagogisk utvikling av undervisarar

d.            oppgåver som utdanningsinstitusjonane har eit eige ansvar for

e.            reise- og opphaldskostnadar for studentar

f.             reise- og opphaldskostnadar for undervisarar kan dekkast dersom andre kjelder til finansiering ikkje er mogeleg.

Korleis vil søknaden bli vurdert

Fylkeskommunen vil fordele midlane til studiesentera basert på søknadar og prioritere tilskot som i størst mogeleg grad bidrar til formålet med ordninga.

I vurderinga av søknaden vil fylkeskommunen også legge vekt på:

  • Om studiesenteret støtter opp under prioriteringane i Fylkesstrategi for kompetanse 2024-2027.
  • Skildring av korleis tilboda ved studiesenteret utfyller utdanningstilbodet i regionen.
  • Samarbeid med utdanningsinstitusjonar i fylket.
  • I dei tilfella studiesenteret ønsker å tilby utdanning frå vidaregåande nivå, skal dette skje i eit samarbeid med ressurssentra for vidaregåande opplæring for vaksne i sin region (Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre, Søre Sunnmøre)

Tilskotsmottakarar som driv økonomisk aktivitet

Tilskot til studiesentera som driv økonomisk aktivitet blir tildelt som kompensasjon for tenester av almen økonomisk tyding, i medhald av lov om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde § 63 og vedlegg XV 1h, jf. Kommisjonsbeslutning av 20. desember 2011, artikkel 106 nr. 2 i traktaten om Den europeiske unions verkemåte på statsstøtte. Artikkelen omhandlar godtgjersle for utføring av tenester av allmennøkonomisk tyding (EUT L 7 av 11.1.2012, s. 3).

Mottakarar av tilskot som både har økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet, skal ha ulike rekneskap for desse. Mottakarane må ha interne retningslinjer som sikrar at felleskostnadar blir fordelte på ein forholdsvis måte mellom den økonomiske aktiviteten og den ikkje-økonomiske aktiviteten.

Kommunal- og distriktsdepartementet og tilskotsforvaltar kan be om informasjon frå søkjar som er naudsynt for å avgjere om støtta er foreinleg med den indre marknaden.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen