(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til studiesentre

Opprett ny søknad på støtteordning

Føremål og kriterium er forskriftsfesta i Forskrift om Kommunal- og distriktsdeptartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrika

Føremål:

 Tilskotsordninga skal bidra til at utdanning og kompetanseutvikling blir tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette i verksemder som ikkje kan følgje ordinær undervisning ved dei faste studiestadene som følgje av lange avstandar.

Måloppnåing skal bli vurdert etter følgjande kriterium:

a. auka innsats for etablering av fleire etterspurde fleksible og/eller desentraliserte tilbod om utdanning

b. auka tal på personar som tileignar seg etterspurd kompetanse

c. fleire utanfor arbeidslivet får utdanning og kompetanseutvikling.

 

Definisjon av studiesenter

Eit studiesenter er ein fysisk møteplass og læringsmiljø som legg til rette for desentralisert og fleksibel utdanning og kompetanseutvikling i distrikta i samsvar med behova til individ og offentlege og private verksemder. Det er vidaregåande skular, fagskular, høgskular og universitet som er fagleg ansvarleg for tilboda ved studiesentera. Studiesentera oppmodast til å samarbeide med andre aktørar om å bruke eksisterande lokale som folkebibliotek, næringshagar og skular, til undervisning og samlingar. Desentraliserte og/eller fleksible tilbod ved studiesentera skal kome i tillegg til dei eksisterande tilboda i regionen.

 

Kven kan søkje om tilskot

Private og offentlege verksemder, stiftelsar og organisasjonar, som er registrerte med organisasjonsnummer i Brnnøysundregistra, kan søkje om tilskot til studiesentra.

 

Kontakt: 

Helene Vedal, rådgjevar
E-post: helene.vedal@agderfk.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen