(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til omstilling i kommunar der det er lagt ned vidaregåande skular/skulestader

Opprett ny søknad på støtteordning

Kven kan søke på ordninga:

Kommunar i Innlandet som har mista vidaregåande skule eller skulestad i samband med vedtak i fylkestinget i sak PS 66/24, dvs. Dovre, Lom, Nordre Land, Sør-Odal og Åsnes.

Maksimalt tilskot er 2 000 000 kr pr. kommune. Det er ikkje krav om eigenfinansiering, men det er mogleg å legga inn både dette og eventuell eigeninnsats i budsjettet.

Kriteria for vurdering av søknadene er:

  • Om prosjektet vil gje omstilling og arbeidsplassutvikling
  • Kor store konsekvensar nedlegginga har for kommunen og den lokale arbeidsmarknaden

Midla kan ikkje brukast til:

  • ordinære kommunale driftsoppgåver eller -stillingar
  • vidaregåande skule eller skuleliknande aktivitetar

Søknaden treng ikkje å vera svært detaljert, men skal innehalde:

  • mål for prosjektet
  • beskrivelse av verknadene av nedlegginga
  • kort beskrivelse av korleis prosjektet kan gi omstilling og arbeidsplassutvikling for å erstatte dei fylkeskommunale arbeidsplassane som blir borte.
  • tidsplan og skissering av aktivitetar
  • kostnads- og finansieringsbudsjett

Utbetaling av heile eller delar av tilskotet kan skje etter at søknaden er innvilga. Det skal sendast inn ein enkel rapport og rekneskap når prosjektet er ferdig. Dersom prosjektet ikkje er gjennomført i samsvar med innvilga søknad kan heile eller delar av tilskotet bli kravd betalt tilbake.

Søknadsfrist: 1. desember 2025

Kontaktpersonar:

  • Dag Arne Henriksen, daghen@innlandetfylke.no, tlf. 907 66 556
  • Torunn H. Kornstad, torkor@innlandetfylke.no, tlf. 482 28 291

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen