(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskotsordning for vassmiljøtiltak i Møre og Romsdal vassregion

Opprett ny søknad på støtteordning

Vassmiljøtiltak 

Formål:

Tilskotsordning for vassmiljøtiltak i Møre og Romsdal vassregion. Ordninga skal bidra til å nå målsetningar i Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion og stimulere til tiltak som betrar miljøtilstanden i bekkar, elver, innsjøar og sjøområde. 

Vassmiljøtiltak bidrar til å nå mål for miljøfylket og fylkesplanmål 2: Vi skal ha god tilstand på 90 % av økosystema i vatn. 

Målgruppe: Kven kan søkje 

Vassområdeutval, kommunar, organisasjonar og grunneigarlag/elveeigarlag. 

Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til

Tiltak skal bidra til å følgje opp Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion 2022-2027. Det kan søkast støtte til tiltak som betrar miljøtilstanden i vassførekomstar, overvaking og kartlegging av miljøtilstand og effekten av tiltak, tiltaksplanlegging. 

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til

Tiltak i prioriterte vassførekomstar og tiltak fastsett i tiltaksprogram vil bli prioriterte. Det kan ikkje søkast støtte til generelle formidlingsprosjekt. 

Vi gjev ikkje tilskot til tiltak som fell inn under anna sektoransvar (forureinar betalar prinsippet). 

Maks tilskotsprosent og/eller tilskotsbeløp per prosjekt 

1. Tilskotsmottakar skal normalt dekke minst 50 % av kostnadane til tiltaket. Dugnadsinnsats reknast som eigenandel. 

 

2.      Vi kan fråvike frå krav om 50 % medfinansiering for tilskot til kartlegging og prosjektering med innleigd konsulent, dersom tiltaket er viktig å få gjennomført og vil ha avgjerande betydning for miljøtilstanden i vassførekomsten, og dersom eigenandelen er vanskeleg å få finansiert gjennom dugnad eller andre tilskot. 

Evalueringskriterie: Kva vert lagt vekt på ved vurdering av søknaden

·        Tiltaket må bidra til å betre miljøtilstanden i ein vassførekomst eller til å auke kunnskapen 

·        Tiltaket har ingen ansvarleg påverkar 

·        Varig effekt 

  

Økonomisk ramme sett av til ordninga i 2024 

1 mill. kroner 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen