(Du er ikke pålogget) 
 

Næringsfond Kvinnherad kommune haust 2022

Føremålet med næringsfondet går fram av § 2 i vedtektene, men det kan presiserast at hovudføremålet med fondsmidlane er å stimulera til oppretting av nye arbeidsplassar i Kvinnherad gjennom etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande bedrifter.

Som hovudregel skal det ikkje nyttast midlar frå næringsfondet til «bedriftsredningar». Det skal heller ikkje nyttast midlar til reine offentlege oppgåver.

STØNADSFORMER
Stønad frå næringsfondet skal vera i form av tilskot frå den årlege avkastninga frå grunnkapitalen (evt. styrka med midlar over kommunebudsjettet).

STØNADSGRENSER

Vedtektene § 4 fastlegg at stønad frå næringsfondet til private næringstiltak (bedriftsutvikling og investeringar i bedrifter) ikkje skal overstiga 50 % av den samla kapitaltrongen til prosjektet.

Avdi det er små midlar til disposisjon, vert det som hovudregel sett ei øvre grense på kr 30.000,- for tilskot til private næringstiltak.

KRAV TIL SØKNAD
Søknad må innehalda følgjande:

Utgreiing om tiltaket:
- Ide / prosjekt / gjennomføring
- Marknadsvurdering
- Arbeidsplassar
- Framtidig utvikling

Økonomi:
- Investeringsoversikt
- Finansieringsplan
- Driftsbudsjett / likviditetsbudsjett

Om søkjaren:
- Bakgrunn / kompetanse
- Referansar / ressurspersonar
- Andre ressursar.

Det skal gå klart fram av søknaden kva tilskotet er tenkt nytta til. Som hovudregel bør søknaden sendast i god tid før tiltaket vert sett i gang. Det skal òg gå fram av søknaden om det vert søkt om midlar frå andre offentlege støtteordningar.

SØKNADSBEHANDLING

Søknaden skal sendast til www.regionalforvaltning.no

Før søknaden vert behandla av næringsfondsstyret, skal det lagast ei tilråding. Søknadene vert handsama fortløpande så langt det praktisk let seg gjere med m.o.t møteavvikling osv.

UTBETALINGSVILKÅR
Utbetaling av tilskot skjer når det ligg føre dokumentasjon som viser at det omsøkte tiltaket er gjennomført. Tilskotet kan også utbetalast når det er eit rimeleg høve mellom det som er utført og det innvilga tilskotet (jf. vedtektene § 4 der det er krav om at tilskotet ikkje må overstiga 50 % av samla kapitalinnsats). I særlege høve kan det føretakast delutbetaling når tiltaket er delvis utført. Om titaket ikkje er oppstarta innan 1 år etter at løyvinga vart gjeven, må søknaden vuderast på nytt.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen