(Du er ikke pålogget) 
 

Nye løysingar for redusert energibruk

Opprett ny søknad på støtteordning

Formål
Det er underskot på elektrisk kraft i Møre og Romsdal. Reduksjon i energibruken vil bidra til å rette opp kraftbalansen, som er viktig for å realisere ny næringsaktivitet.  

Målgruppe - Kven kan søke 
Kommunar, innovasjonsmiljø, utdanningsinstitusjonar, forskingsmiljø eller bedriftskonsortium i Møre og Romsdal.  

Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til
Utgreiingar, forstudie eller forprosjekt som kan bidra til nye løysingar for redusert energibruk, i offentleg sektor eller i næringsverksemd.  

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til 
- Prosjekt i regi av enkeltbedrifter eller privatpersonar
- Ordinær drift, vedlikehold og investering

Ordninga skal ikkje konkurrere med andre offentlege støtteordningar 

Generelle vilkår
- Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift.
- Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
- Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.
- Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan.
- Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats prisast maksimalt til 1100 kroner per time.
- Søkar må opplyse om ein har mottatt anna offentleg støtte dei  siste tre åra. Søknaden vert vurdert etter statstøtteregelverket.
- Søknad og saksbehandling er offentleg og statstøtteregelverket (GBER) artikkel 25 (d).

Evalueringskriterium: Kva vert lagt vekt på ved vurdering av søknaden
- Prosjektet må ha ein tydeleg eigar
- Prosjektet må la seg gjennomføre innan rammene for ordninga
- Søknadar der fleire organisasjonar samarbeider – synergieffektar
- Prosjektorganisering og gjennomføringsevne 

Søknadsfrist

Vi tar i mot søknadar fortløpande.

Sjekk også Enova sine tilskotsprogram: Støtte til energikartlegging i yrkesbygg eller Støtte til forbedring av energitilstand i yrkesbygg kan vere aktuelle dersom prosjektet ditt gjeld yrkesbygg.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen