(Du er ikke pålogget) 
 

MERKUR Drivstoffanlegg 2025

Opprett ny søknad på støtteordning

Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Tilgang på drivstoff er ein viktig del av tenestetilbodet for folk i distrikta. Merkur-programmet har difor ei ordning med investeringsstøtte til drivstoffanlegg.  

Målet med støtteordninga er å trygge drivstofftilgangen i dei mest perifere distriktsområda. Ordninga skal medverke til naudsynt oppgradering av eksisterande anlegg knytte til daglegvarebutikkar, eller støtte etablering av nye drivstoffanlegg. 

Investeringsstøtta skal i hovudsak gå til opprustning av eksisterande anlegg. Det kan søkjast om støtte til investeringar i både stasjonære og mobile drivstoffanlegg. Maksimal støtte pr. anlegg er kr 600 000 pr. år.

Merkur-forskrifta har klare vilkår når det gjeld omsetning og avstand til næraste butikk. Salsvolum kan ikkje vere over 500 000 liter pr. år.

Støtteordninga gjeld i hovudsak drivstoffanlegg som er knytt til Merkur-butikkar. Anlegg eigd av oljeselskap blir ikkje omfatta av støtteordninga. Andre verksemder som driv eller eig drivstoffanlegg, kan i særskilde høve også bli omfatta av ordninga. Føresetnaden er då at avtanden er spesielt lang til alternative drivstoffanlegg, og at anlegget er avgjerande for å sikre lokalsamfunna tilgang på drivstoff.

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, søknader kan sendast heile året. Prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla. 

For meir informasjon: Merkur-programmet

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen