(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til tettstadutvikling i Møre og Romsdal

Opprett ny søknad på støtteordning

Tettstadutvikling i Møre og Romsdal 2026

Målgruppe for ordninga er alle kommunesentra i fylket, samt tettstadane som var kommunesenter i 2020. Regionbyane Ålesund, Molde og Kristiansund er ikkje omfatta av ordninga.

Målet med ordninga

Midlar til tettstadutvikling skal bidra til å utvikle inkluderande og trygge tettstader med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport.

Kva kan du søke støtte til?

Kommunane kan få tilskot på inntil 50% av totalkostnaden til utgreiingar og planlegging, mellom anna stadanalysar, arkitektkonkurransar og detaljplanlegging av fysiske tiltak.

Døme på kva det kan gis støtte til:

- Utarbeide kunnskapsgrunnlag som moglegheitsstudiar, stadanalysar og utgreiingar.

- Leie inn fagleg kompetanse, eller dekke løn til ekstra prosjektmedarbeidar for å styrke utviklingskapasitet.

- Prosjektering frå ideskisse til detaljprosjekt

- Arrangere samlingar for kompetanseheving, erfaringsdeling, medverknad og samarbeid om tiltak, i samband med dei konkrete utviklingsprosjekta.

Det gis ikkje tilskot til:

- Ordinær planlegging som t.d. reguleringsplanar eller prosjektering av t.d. parkeringsplassar, gang/sykkelvegar eller småbåthamner.

- Ordinær drift og vedlikehald

- Fysiske tiltak

- Vi støttar ikkje prosjekt som er ferdig, og som hovudregel ikkje prosjekt som er starta opp.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen