(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til tiltak for innlandsfisk

Opprett ny søknad på støtteordning

Vestland fylkeskommune lyser ut til saman kr 200 000 til tiltak for innlandsfisk i Vestland. 
Formålet med tilskotsmidlane er å forbetre innlandsfiskebestandane, motivere til innlandsfiske, og gjere informasjon om kor det er tilgjengeleg innlandsfiske betre kjent for allmenta.

  • Kva kan få støtte?
    Tiltak som fremmer innlandsfiske, og fisket er tilgjengelege for allmenta.
    Støtte til utstyr for bestandsreduserande tiltak.
    Faglege utgreiingar om fiskebestandar i vassdrag med forslag til tiltak for å betre fiske for allmenta.
    Kultiveringstiltak som er beskrive i faglege utgreiingar for det enkelte vassdrag.
    Informasjons- og kunnskapsformidlingstiltak om moglegheiter for innlandsfiske i Vestland.
    Støtte til innkjøp av nødvendig utstyr for flytting og utsetting av stadeigne stammar av innlandsfisk.
    Utfisking av framande fiskeartar.

    Kven kan søke? 
    Kommunar, grunneigarar og grunneigarlag med allment tilgjengeleg fiske, fiskeforeiningar og andre interesseorganisasjonar, som legg til rette for innlandsfiske for allmenta.

    Vilkår for tildelinga
    Prosjektet må gjennomførast i samsvar med søknaden og ei eventuell endring eller utsetting må godkjennast av Vestland fylkeskommune.
    Det skal opplysast om at Vestland fylkeskommune er finansieringskjelde når prosjektet blir informert om i media, til samarbeidspartnarar eller andre. Ved trykt presentasjon av prosjektet (brosjyrar, nettsider, skilt, infotavler m.m.) skal logo til Vestland fylkeskommune vere med.
    Tildelinga er gyldig i tildelingsåret og dei to påfølgande budsjettåra. Etter utløp av tildelingsperioden vil tilsegn som ikkje er nytta bli trekt tilbake utan varsel.
    Tildelt beløp kan avkortast dersom tiltaket ikkje er gjennomført som søkt om.
    Prosjektet skal vere i tråd med mål og strategiar fylkeskommunen har for berekraftig verdiskaping i Vestland.
    Søknaden må vere tydeleg på kva som har utløyst behov for det planlagde tiltaket/prosjektet, og omtale på kva måte tiltaket er forankra hjå grunneigarane og aktuelle samarbeidspartar.
    Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort.  
    Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.   

    Midlane kan ikkje dekke 
    Allereie gjennomførte prosjekt.
    Ordinær drift. Ordinære driftsutgifter er dei utgifter som høyrer til den daglege drifta i verksemda.
    Eigne medlemsaktivitetar og vanleg vedlikehald.
  • Løn til arbeid med utfisking.
  • Fiskeforbetrande tiltak på strekningar med laks- og sjøaure, då det er Statsforvaltaren i Vestland som er forvaltningsmynde og det finst ei statleg støtteordning for fiskeforbetringstiltak for desse artane.
  • Tiltak i vatn og vassdrag hvor pris på fiskekort er sett så høgt at fisket i praksis ikke sjåast å vere tilgjengelig for allmenta.



 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen