(Du er ikke pålogget) 
 

Offentleg - privat samarbeid

Opprett ny søknad på støtteordning

Offentleg –privat samarbeid

Formål: Kva samfunnsutfordring skal ordninga bidra til å løyse? Kva mål i fylkesplanen skal ordninga bidra til å nå?

Ordninga skal bidra til å betre samhandlinga mellom bedrift, kommune og verkemiddelapparatet og gi gründerar/oppstartselskap som rettar seg mot offentleg sektor betre moglegheiter for å lukkast med prosjektidéane og gi offentleg sektor betre løysingar enn det som er tilgjengeleg i dagens marknad. Ordninga skal særleg mobilisere til samarbeid med oppstartselskap, men dette er ikkje eit krav.

 

Ordninga støttar særleg opp om mål for verdiskapingsfylket; Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt leiande næringsliv og innovativ offentleg sektor.

Målgruppe: Kven kan søkje?

Kommunar

Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til?

Prosjekta som får støtte skal bidra til offentleg-privat samarbeid for å løyse utfordringar i kommunal sektor. Prosjekt som bidrar til berekraftige løysingar blir prioritert, og då særleg utfordringar som har utgangspunkt i berekraftkartlegginga som er gjennomført i regionen.

 

Tilskotet skal dekke kostnader leverandøren har knytt til utvikling av løysinga i kommunen, inkludert eventuelle kostnader knytt til rådgiving frå inkubatormiljø.

 

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til?

Kommunane må stille med eigeninnsats og må sette av tid og ressursar til utviklingsløpet. Kommunen vil i prosjektet vere utviklingspartner saman med valt leverandør.

 

Maks tilskotsprosent og/eller tilskotsbeløp per prosjekt

Maks 450 000 kroner per prosjekt

Evalueringskriteria: Kva vert lagt vekt på ved vurdering av søknaden?

  • Prosjektet må ha ein tydeleg eigar og vere godt forankra internti kommunen.
  • Prosjektet må la seg gjennomføre innan rammene for ordninga.
  • Søkjer må synleggjere korleis prosjektet tek omsyn til FN sine berekraftmål.
  • Regional relevans, dvs. kor godt prosjektet treff behova i kommunar i Møre og Romsdal.
  • Fylkeskommunen vil prioritere søknadar der fleire kommunar samarbeider.
  • Prosjektorganisering og gjennomføringsevne.

 

Økonomisk ramme sett av til ordninga i 2023

Inntil 1,8 mill. kroner ( 4 prosjekt)

Finansieringskjelde

Økonomiplanen, ramme 59, Tiltaksfondet

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen