(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskotsordning for vassmiljøtiltak i Møre og Romsdal vassregion

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskotsordning for vassmiljøtiltak i Møre og Romsdal vassregion

 Møre og Romsdal fylkeskommune vil styrke det lokale arbeidet for eit betre vassmiljø.

Det er sett av ei økonomisk ramme på NOK 1.000.000 til ordninga i 2019.

 Formål:

Møre og Romsdal fylkeskommune vil stimulere tiltak som betrar miljøtilstanden i vassforekomstane våre.

Vassområdeutval, kommunar, organisasjonar og private tiltakshavarar kan no søke støtte til tiltak som bidreg til å nå miljømåla for Møre og Romsdal vassregion.

 Vilkår:

Tiltaket må bidra til å følgje opp Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion 2016 – 2021.

Det kan søkast om støtte til:

  • Tiltak som betrar miljøtilstanden i vassforekomstar

  • Overvaking og kartlegging av miljøtilstand og effekten av tiltak

  • Formidlingsprosjekt som bidreg til å auke kunnskapen og forståinga om vassmiljø

Tiltak i prioriterte vassforekomstar, tiltak fastsett i tiltaksprogram og tiltak som bidreg til at miljømål etter vassforskrifta vil bli prioriterte.

 Målgruppe:

Vassområdeutval, kommunar, organisasjonar og private tiltakshavarar

 Støttedel:

Inntil 50% finansiering

 Søknadsfrist:

Fortløpande

 Søkeportal:

http://www.regionalforvaltning.no/

Kontaktpersonar:

Håkon Slutaas, rådgivar, hakon.slutaas@mrfylke.no, tlf:71 28 03 52/975 94 361

Arne Håkon Sandnes, rådgivar, arne.hakon.sandnes@mrfylke.no, tlf:71 28 03 50/408 72 123

Pernille Eriksdatter Giske, rådgivar, pernille.eriksdatter.giske@mrfylke.no, tlf:71 28 02 59 / Mob. 980 71 171

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen