(Du er ikke pålogget) 
 

Offentleg hurtigladeinfrastruktur

Søk tilskot til hurtigladeplassar for elbil

Du kan søke tilskot til bygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar i Vestland. Du kan søke på fleire delutlysingar i same skjema. Ver tydeleg på kva delutlysing de søker på.

Det er berre utbygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar som vert omfatta av denne ordninga. Nokre av ladeplassane skal ha taxiprioritering. Det skal takast ivare ved skilting. Tilskotsordninga støttar ikkje heimelading/normalladeuttak for drosje eller ladeanlegg i private burettslag og sameige.

Fylkeskommunen ønsker betre hurtigladetilbod for reisande i fylket

Moglegheit for lading undervegs er avgjerande for at det skal vere praktisk å køyre elbil i heile fylket. Marknaden for hurtiglading er i ferdi med å bli mogen og fleire plassar vert det no bygd ut ladeplassar på reint kommersielt grunnlag.

Det er likevel behov for offentleg stønad for å bygge ut ladeplassar fleire plassar i fylket. Målet til fylkeskommunen er at det ikkje skal vere lenger enn 50 km køyrestrekning mellom ladeplassane. Samstundes skal det vere nok ladeuttak, slik at ein unngår kødanning.

Fylket har lenge vore i front med utrulling av ladeplassar og fylkeskommunen aukar no innsatsen, særskilt innan ladarar til større køyretøy og ved sjukehusa. 

Kva kan støttast?

Vestland fylkeskommune støtter etablering av ladeplassar med følgjande tre delutlysingar:

Delutlysing 1 - styrking av nettverket av offentlege hurtigladeplassar

Søk om tilskot til etablering av nye og styrking av eksisterande ladeplassa som ikkje kan byggast ut på kommersielt grunnlag aleine.

Kommunar og hurtigladeoperatørar kan søke. 

Delutlysing 2 – Hurtigladarar med høg effekt og drosjeprioritering ved sjukehusa

Delutlysinga skal støtte etablering av hurtigladarar ved sjukehusa med taxiprioritering og høg effekt. Ladeinfrastrukturen skal etablerast innan 2 minutts køyretid frå av- og påstigingsplass for pasient. 

Delutlysing 3 – Etablering av ladeinfrastruktur for større køyretøy

Delutlysinga skal støtte etablering av ladeinfrastruktur for større køyretøy.

Målet med utlysingane

Vestland fylkeskommune har satt av 18,6 millionar til stønadsmidlar til ladeinfrastruktur til elektriske køyretøy. Målet med utlysinga er å utvide ladetilbodet i Vestland for å gjere det det praktisk å bruke elbil i heile fylket.

Fylkeskommunen tilbyr derfor investeringsstønad til deg som vil etablere offentleg tilgjengelege ladeplassar. Ordninga skal gjere det mogleg å bygge ut hurtigladeplassar på stader der utbygging ikkje kan skje på kommersielt grunnlag aleine.  

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen