(Du er ikke pålogget) 
 

Berekraftig omstilling Rogaland

Retningslinjer for tilskot til berekraftig omstilling i Rogaland 

 

Vedteke av fylkestinget 30.04.2024 

Formål 

Midlane skal støtte prosjekt som bidrar til at Rogaland spelar ein sentral rolle når det gjeld berekraftig næringsutvikling i privat og offentleg sektor. 

Prioriterte tema er: 

    1. Omstilling for grøn verdiskaping 
    2. Rett kompetanse og tilstrekkeleg med arbeidskraft 

 

Prosjekta skal vere forankra i Regionalplan for kompetanse i Rogaland, eller i eit eller fleire av de tre satsingsområda i Nærings- og innovasjonsstrategien til?Rogaland fylkeskommune rein energi og maritim framtid, mat, og reiseliv og opplevingar 

Kven kan søka 

Følgande organisasjonar i Rogaland kan søke om tilskot: 

    • Private verksemder 
    • Kommunar, fylkeskommunalt eigde selskap og verksemder og interkommunale og kommunale utviklingsselskap 
    • Næringshagar og inkubatorar 
    • Klynger eller fleire verksemder ilag
  •  

Søkar må vere registrert i Rogaland for å kunne søkje.  

Kva kan det bli gitt støtte til temaområder 

 

Omstilling for grøn verdiskaping

  

Klima- og teknologiomstilling:  

Klimaomstilling krev at næringslivet tek omsyn som bidrar til eit redusert klimaavtrykk i sine aktivitetar. Målet er ei framtid for næringslivet med minimal klimapåverknad. Prosjekter som får støtte skal auke konkurransekrafta til verksemda, leggje til rette for reduksjon av klimagassutslepp, og medverke til omstillinga mot eit lågutsleppssamfunn.  

Teknologiomstilling er ein viktig faktor for å realisere det grøne skiftet, og næringslivet er ein sentral pådrivar. Teknologiomstilling i denne samanhengen dekkjer kunnskapsutvikling, innovative løysingar, prosesser og tenester. Dei prioriterte teknologiområda er innan fornybar energi, energieffektivisering, berekraftig ressursutnytting og mogleggjerande teknologiar. 

 

Tiltak som kan støttast:

  

    • Utviklingstiltak innan klimaomstilling. 
    • Tiltak for utvikling av ny teknologi og innovative løysingar. 
    • Støtte til opplæring og kompetanseheving innan teknologiomstilling. 

 

Industriell symbiose:

   

For å minke presset på viktige naturressursar, redusere bruken av råvarer og innsatsfaktorar, eller redusere klimagassutslepp, er det viktig å utvikle sirkulære løysingar for å sikre meir berekraftig forvaltning av naturen. Ei slik omstilling krev at det jobbast på tvers av næringar og på tvers av dei tradisjonelle verdikjedane.  

Tiltak som kan støttast:

  

    • Tiltak som førar til etablering av industrielle symbiosar mellom aktørar, reduserer materialforbruk og løysningar for materialgjenvinning, og som førar til betre ressursutnytting. 
    • Tiltak som utviklar naudsynt infrastruktur, med nye forretningsmodellar, for å skalere opp dei grøne verdikjedane gjennom industriell symbiose. 
    • Tiltak som førar til auka kompetanse for å realisere nye grøne verdikjeder, og styrke konkurransekrafta hos deltakarane. 

 

Berekraftsleiing:

  

Næringslivet må utvikle forretningsmetodar og optimalisere forsyningskjeder i tråd med EU sine taksonomikrav og tilhøyrande krav til berekraftsrapportering. Det er viktig å leggje til rette for at verksemder kan handtere omstillings- og reguleringskrav, for å møte samfunnet sine auka forventningar til næringslivet som gjeld miljø- og klimavennlege løysingar.  

 

Tiltak som kan støttast:

  

    • Utvikling og implementering av nye teknologiar og strategiar som fremjar berekraftig omstilling for eigen verksemd. 
    • Opplæring innan berekraftsrapportering for eigen verksemd. 

 

Rett kompetanse og tilstrekkeleg med arbeidskraft 

 For at Rogaland skal lukkast med grøn omstilling, må det sikrast tilgang på rett kompetanse og tilstrekkeleg med arbeidskraft i heile fylket. Dette krev ei omstilling av kompetansen som allereie eksisterer i arbeidslivet. I tillegg krev dette effektiv integrering av innvandrarar, samt auka rekruttering og kvalifisering av utanlandsk arbeidskraft. Vidare er det avgjerande å ta i bruk ressursane i heile befolkninga, og bidra til at dei som står utanfor arbeidsmarknaden er relevante for arbeidslivet. Dette gjeld og menneske med funksjonedsettning, som ofte har vore ekskludert frå arbeidslivet. Prosjekta som får tilskot skal vere i tråd med Regionalplan for kompetanse i Rogaland.

 Kompetansehevingstiltak som kan støttast:

    • Utvikling av desentraliserte utdannings- og kompetansetilbod som er tilpassa og etterspurde av arbeidslivet.
    • Mobilisering til desentraliserte utdannings- og kompetansetilbod som er tilpassa og etterspurde av arbeidslivet i distrikta
    •  Etablering av strategiske samarbeid knytt til rekruttering av rett arbeidskraft til distrikt
    • Tiltak som bidrar til Innkludering og redusert utanforskap i arbeidslivet.

Integreingstiltak som kan støttast: 

  • Støtte til prosjekt som bidrar til Innkludering av innvandrarar med fagutdanning eller høgare utdanning i arbeidslivet.  
  • Tilretteleggingstiltak for innvandrarar som bidrar til at dei får nytta sin kompetanse, og som styrkar mangfaldet i privat og offentleg sektor.  
  • Støtte organisasjonar som jobbar for å leggje til rette for etableraropplæringa for innvandrarar som vil starte eigen verksemd. 
  • Tiltak for å kvalifisere utanlandsk arbeidskraft. 

 

Krav til søknaden

  

Følgande krav må vere oppfylt for at søknaden skal handsamast. Søkar må synleggjere i søknaden korleis følgande krav oppfyllast:

 

 Prosjektet må vere innanfor ramma for utlysinga 

  •  Prosjektet må være retta mot ein eller begge av temaområda til utlysingen, samt treffe på spesifiserte undertema. Søkar må vere i målgruppa som er definert i utlysinga. 

 Prosjektet må være eit utviklingsprosjekt 

  •  Prosjektet må vere eit tidsavgrensa tiltak som kjem i tillegg til dagleg drift. Prosjektet må ha regional verknad og omfatte tiltak som utviklingsarbeid, klyngesamarbeid, kompetansehevingstiltak og tilrettelegging for næringsutvikling. Det kan søkast om støtte til både forprosjekt og hovudprosjekt. Prosjektets skal vare frå 6 månader og inntil 2 år. 

 Tilskotet skal ha ei utløysande effekt

  •  Tilskotet frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det inneberer at prosjektet ikkje ville ha blitt gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller ikkje blir gjennomført i ønskja omfang utan tilskotet.

 Søknaden må følgje formalkrava

Søknaden må vere sendt inn i søknadsportalen regionalforvaltning.no. For at søknaden skal bli vurdert som fullstendig, må alle felta i skjemaet vere fylt ut. Søknaden må følgje søknads mal. All informasjonen som er relevant for vurderinga av søknaden må kome fram i søknadsskjemaet. Dersom søknaden ikkje er fullstendig, vil søknaden bli avvist. Hovudregelen er at informasjon som ligg i separate vedlegg, eller som lenkast til i søknaden, ikkje blir lagt vekt på. Unntaket er kostnads- og finansieringsplanar, tids- og milepåleplanar og andre viktige avtaler. 

Dette vert ikkje støtta:

  

    • Driftskostnader, til dømes kostnadar som går til dagleg drift av ein organisasjon
    • Igangsette prosjekt
    • Store fysiske investeringar og større utstyrskostnadar 
    • Moglegheitsstudiar og litteraturstudiar
  •  

Finansiering 

Det kan søkast om inntil 1 million kroner i støtte til eit einskildprosjekt. Minimum søknadssum er 100.000 kroner. Maksimal støttesats frå fylkeskommunen er inntil 50 % av totalbudsjettet til prosjektet. I særskilde tilhøve kan det vere aktuelt å støtte prosjekter med ein høgare støttesats, og det vil gjerast ein konkret vurdering i kvart einskilde tilhøve.  

 

Søkar må dokumentera resterande finansiering og spesifisere eigeninnsats i ein kostnad- og finansieringsplan som leggast ved søknaden. Dersom eigeninnsats nyttast til å finansiere prosjektet, må talet på timar og timesats spesifiserast. Godkjend timesats er inntil 1,2 promille av reell årslønn, men avgrensa til kr 700 per time. Det godkjennast inntil 1 850 timer per år.  

 

Det kan gjerast førespurnad om utbetaling av 25 % av tilskotet ved akseptert tilsegn. Vidare kan det gjerast førespurnad om 25 % når prosjektet er halvvegs fullført. Dei siste 50 % utbetalast ved godkjend sluttrapport og sluttrekneskap. For tilskot over 200.000 kroner krevjast det revisorerklæring ved innsendt sluttrekneskap.  

 

Statstøtteregelverket  

Om søkar og prosjektet er omfatta av EØS-regelverket, vil tilskot tildelast gjennom gruppeunntaksforordninga (GBER). Dette regelverket gjeld for verksemder som utøvar økonomiske aktivitetar.  

 

Følgande GBER-artiklar kan nyttast:  

  • Artikkel 17 Investeringsstøtte til SMB-ar 

  • Artikkel 18 Støtte til rådgjevingstenester for SMB-ar 

  • Artikkel 25 Støtte til forsking og utvikling 

  • Artikkel 27 Støtte til klyngeorganisasjonar 

  • Artikkel 29 Støtte til prosess- og organisasjonsinnovasjon 

  • Artikkel 31 Støtte til opplæring  

  • Artikkel 36 Støtte til investeringar i tiltak for miljøbeskyttelse utover EU-standardar eller auka miljøvern-nivå dersom det ikkje finnes EU-standardar 

  • Artikkel 37 Støtte til investering for tidleg tilpassing til EU-standardar  

  • Artikkel 38 Støtte til investeringar i energieffektivisering  

  • Artikkel 40 Støtte til investeringar i høgeffektiv kraftvarmeproduksjon  

  • Artikkel 41 Støtte til investeringar for å fremje fornybare energikjelder 

  • Artikkel 46 Støtte til investeringar i energieffektiv fjernvarme og fjernkjøling  

  • Artikkel 47 Støtte til investeringar i gjenvinning og gjenbruk av avfall  

  • Artikkel 48 Støtte til investeringar i energiinfrastruktur  

  • Artikkel 49 Støtte til miljøstudiar 

  • Artikkel 56 Investeringsstøtte til lokale infrastrukturar

  •   

I søknaden må det greiast ut om val av GBER-artikkel. 

I tilfelle der ingen av GBER-artiklane nemnd over er aktuelle, kan forordninga bagatellmessig støtte vurderast. For å ta i mot bagatellmessig støtte er det eit krav at støttemottakar ikkje har motteke meir enn 200 000 euro over ein periode på tre rekneskaps år (100 000 euro innanfor transportsektoren), jf. Forordningas artikkel 3, andre punkt. Det er søkar si plikt å ha kontroll over at samla offentleg støtte gitt som bagatellmessig støtte til verksemda ikkje overstig grensebeløpet for ein 3-års periode.  

 

Tildelingskriterium  

Det vil leggast vekt på følgande kriterium ved vurdering og prioritering av søknader: 

Relevans for utlysinga sine temaområde 

Vi legg vekt på effekten prosjektet vil ha for berekraftig næringsutvikling, sysselsetting eller kompetanseheving i Rogaland. Det leggast vekt på i kva grad prosjektet bidrar til å nå mål for utlysinga, og er i tråd med Nærings- og innovasjonsstrategien til Rogaland fylkeskommune eller Regionalplan for kompetanse i Rogaland.  

Gjennomføringsevne og kvaliteten på søknaden 

Kvaliteten på søknad og samanheng mellom mål, aktivitet, tidsplan og budsjett vil bli lagt vekt på.   

Vi legg vekt på at søkar og eventuelle samarbeidspartnerar har rett kompetanse og erfaring til å gjennomføre prosjektet. Prosjektet må vere realistisk, og risikofaktorane må gjerast synlege. Vidare må organiseringa av prosjektet, arbeidspakkar, metodebruk, utfordringar, kommunikasjon og deling av resultat, samt implementering vere godt skildra.  

Balansert prosjektportefølje 

I vurderinga blir det lagt vekt på å ha god fordeling av midlar til prosjekt innan ulike tematiske og geografiske område.  

Det betyr at søknadar kan bli prioritert framfor andre, for å sikre at den samla støtta fordeler seg best mogleg og bidrar til å oppnå formålet med tilskotsordninga. 

Prosjekt som kan knytast til reiseliv og opplevingar i nærings- og innovasjonsstrategien i tråd med retningslinjene for ordninga blir prioriterte. 

Rapportering 

Prosjekta som får innvilga støtte, har eir ansvar for å sluttrapportera og be om sluttutbetaling når prosjektet er avslutta. Rapporteringa skjer via regionalforvaltning.no. 

Behandling av søknadar

  

Søknadar blir vurdert etter krava og retningslinjer i utlysinga. Søknader som ikkje oppfyller krava, vil bli avvist. Dialog mellom søkar og fylkeskommunen må skje før søknaden sendast inn.   

 

Om det kjem fram at innkommen søknad høyrer betre heime under andre støtteordningar i Rogaland fylkeskommune, kan søknaden bli flytta til ei anna ordning. 

 

Søknadane vil bli vurdert administrativt og lagt fram for politisk behandling og vedtak i Regional- kultur og næringsutvalet. 

 

Søknadsfrist 

Ordninga har 2 fristar; vår og haust. Datoane vil bli publisert i tilskotsordningas utlysing på regionalforvaltning.no  

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen