(Du er ikke pålogget) 
 

ENØK-tilskot Næringsdrivande og foreningar/lag i Valle kommune

NB. Tilskotsordninga vil ha tilbakeverkande kraft og gjelde frå 01.11.2022.

Tildelinga av godkjente søknadar fordelast innanfor den til ei kvar tid gjeldande økonomiske ramma for ordninga. Føremålet er å styrke innsatsen for økt energieffektivisering i Valle kommune og for å oppfylle kommunen sine til ei kvar tid gjeldande næringspolitiske målsettingar slik desse er uttrykt i kommuneplan og økonomiplan. Ei bedrift vil ikkje kunne få støtte gjennom lokal ordning dersom ein har fått innvilga minimum 30% av kostnadene frå anna støtte til same tiltak. Er det søkt og motteke støtte frå anna støtteordning for tiltaket som er lågare enn 30% av kostnadene, kan verksemda søkja kommunen om tilskot på differansen mellom innvilga støtte og opp til 30% av kostnadene for prosjektet. Kommunen forbeheld seg retten til å avslå søknader som ikkje inneheld nødvendig informasjon og/eller søknader som ikkje tilfredsstill krava i ordninga. Tildeling av godkjente søknader fordelast innanfor den til ei kvar tid gjeldande økonomiske ramma for ordninga. Dersom den økonomisk ramma ikkje er tilstrekkeleg vil dei seinaste mottatte søknadene automatisk bli overført til neste søknadsrunde med atterhald om vidareføring / ny ramme. Verksemda kan kunn motta støtte til det enkelte tiltaket ei gang. Tilskot blir gitt som bagatellmessig støtte (de minimis). 

Tiltak kan det søkjast tilskot for:

• Solceller/solfangere

• Luft til luft varmepumper: Tilskotet dekker inntil 30% av investeringskostnaden. Maksimal støtte per varmepumpe er kr 20 000 inkludert installering. Maksimalt 5 varmepumper per verksemd

• Etterisolering og skifte av vindauge: Tilskotet dekker inntil 30% av investeringskostnaden. ? Krav til redusert U-verdi på isolasjon og vindauge før og etter tiltak. Dokumentasjon må vedleggas. ? Vil gjelde bygg som er oppført før 1987. ? Maksimal støtte er på kr 300.000,- for bygget/verksemda/organisasjonen.

• Innovative energiprosjekt: Det kan bli gitt inntil 30% støtte til innovative energiprosjekt. Tiltaket vil bli skjønnsmessig vurdert. Maksimal     støtte kr 300 000.

• Anna: Det kan vere fjernvarme, biokjel/flisfyring, ventilasjon med meir. ? Klimaeffekten/energieffekten må kome klart fram av søknaden. ?        Tiltaket vil bli skjønnsmessig vurdert. ? Tilskotet dekker inntil 30% av investeringskostnaden. Maksimal støtte på kr 300 000.

Vilkår: Verksemda må vere registrert i Brønnøysundregisteret og ha forretningsadresse i Valle kommune. Tilskot kan gjevast med inntil 30% av kostnadane. Maksimal støtte pr. Verksemd begrenses til kr. 300 000 pr. søknad. Mva-registrert verksemd får berekna støtte eksklusiv Mva. Arbeidet kan settast i gang når søknaden vart sendt. Frist for gjennomføring av tiltaket er eit år frå godkjenning av søknaden. Dersom tiltaket ikkje vert gjennomført innan fristen, vert vedtaket trekt tilbake. I særskilde tilfelle kan det søkast om utsett frist. Eigeninnsats skal ikkje reknast inn i grunnlaget for tilskot.  Tilskot på einskilde tiltak kan ikkje kome i tillegg til anna offentleg støtte, men om det vart søkt og motteke støtte frå anna støtteordning for tiltaket som er lågare enn 30% av kostnadene, kan verksemda søkja kommunen om tilskot på differansen mellom innvilga støtte og opp til 30% av kostnadene for prosjektet. Det er søkjars ansvar å undersøke med Valle kommune om tiltaket er søknadspliktig og deretter søkje om løyve.

 Tilskot vert utbetalt etterskotsvis med: • kopi av tilbod og rekning • Bekrefta betalt rekning. • Ferdigmelding av tiltaket med sluttrapport. • Godkjente løyvingar frå kommunen dersom tiltaket krev det.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen