(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til læreplassgaranti

Opprett ny søknad på støtteordning

Utlysing av midlar - læreplassgaranti

 

Fylkestinget har sett av 1.4 millionar til prosjekt knytt til læreplassgaranti. Kriteria for utlysinga er vedteke i Hovudutval for næring.

 

Prosjektet må oppfylle minst eitt av tre føremål:

  • Jobbe for læreplassgaranti i regionen eller ved ein eller fleire skular i regionen.
  • Nytte læreplassgarantien til å marknadsføre skulane for å rekruttere fleire elevar/lærlingar.
  • Andre tiltak som kan vere med å sikre ein god balanse mellom tilbod og etterspurnad av læreplassar.

 

Andre vilkår:

  • Det krevs ein eigeninnsats på 10%. Denne treng ikkje være i form av friske midlar, men kan komme frå t.d. arbeidstimar.
  • Inntil 75 % av tilskotet kan utbetalast straks ved tilsegn om støtte. Sluttutbetaling av resterande 25 % kan skje etter innsendt sluttrapport og godkjent rekneskap.
  • Prosjektet må ha ein sluttdato innan eit år fra startdato.

 

Kven kan søke? 

Dei 7 lokale kompetanseforuma som er etablert i samarbeidsmodellen knytt til Kompetanseforum Vestland er: Kompetanseforum Nord, Samarbeidsarena Sunnhordaland, Kompetanseforum Fjordane, Hardanger/Voss, Sogn, Bergen og Vest. Søknadene til ordninga skal være forankra i dei lokale kompetanseforuma. Dei lokale kompetanseforuma vurderer kven som skal stå som lokal søkjar på vegne av regionen. Det kan berre søke om midlar til eit prosjekt per region.

Alle søknader som tilfredsstiller krava kan få tildelt 200.000 kroner. Det er mogleg å søkje om eit større beløp. Ekstra midlar vil bli tildelt om ikkje alle regionane søkjer på ordninga.

 

For spørsmål om ordninga:

 

Kristin Iversen

Seniorrådgjevar

kristin.iversen@vlfk.no

tlf: 98646596

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen