(Du er ikke pålogget) 
 

Omstilling og utvikling i område med særlege distriktsutfordringar

Opprett ny søknad på støtteordning

Det kan bli gitt tilskot til tre formål frå denne ordninga:

1. Bistand og rettleiing til distriktskommunar: Mål for ordninga er auka utviklingskapasitet og strategisk arbeid i distriktskommunar, gjennom blant anna nye måtar å løyse oppgåver, og styrka strategisk samfunnsplanlegging. Fylkeskommunen kan nytte denne ordninga: 

  • i målretta prosjekt som fylkeskommunen står ansvarleg for, til nytte for ei eller fleire kommunar saman, 
  • til innkjøp av konsulent- og prosessbistand som kjem dei aktuelle kommunane til gode
  • til målretta forsterking og kompetanseutvikling av fylkeskommunen sin eigen rettleiingskompetanse og -kapasitet,
  • til forsterka rettleiing og bistand frå fylkeskommunen til kommunar, knytt til plan- og strategiprosessar i kommunane. 

2. Tilskot til kommunar med langvarig nedgang i folketal og sysselsetjing av særleg omfattande grad: Mål for ordninga er auka attraktivitet for busetjing og næringsliv, og å styrke kommunane sin kapasitet til å handtere situasjonen. Kriteria for måloppnåing vil vere:

  • auka kapasitet og evne til utviklingsarbeid i kommunen
  • auka attraktivitet for busetjing  og næringsetablering

3. Tilskot til omstilling i kommunar eller regionar med vesentleg fall i sysselsetjinga over relativt kort tid: Mål for ordninga er å styrke næringsgrunnlaget og bidra til etablering av nye arbeidsplassar i kommunar eller regionar med vesentleg nedgang i sysselsetjinga over relativt kort tid. Kriteria for måloppnåing vil vere: 

  • styrka utviklingskapasitet
  • auka kompetanse for næringsutvikling i kommunen og regionen
  • auke i tal arbeidsplassar

Kven kan søkje?: Kommunar, næringsforeiningar eller andre organisasjonar med lokal nærings- og samfunnsutvikling som formål.  

Økonomisk ramme: Det er løyvd 12 306 000 kroner til dette formålet i Møre og Romsdal i 2024. Løyvinga kjem frå Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 553 post 65 i Statsbudsjettet.

Generelle vilkår:

  • Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført. Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats kan maksimalt prisast til 1 100 kroner per time
  • Søkar må opplyse om ein har mottatt anna offentleg støtte dei siste tre åra. Søknaden vert vurdert etter statstøtteregelverket
  • Søknad og saksbehandling er offentleg og blir arkivert

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen