(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond

Kvam herad har eit kommunalt kraftfond som primært kan nyttast til næringsutvikling, nyetablering og bedriftsutvikling. Fondet kan støtta både bedriftsretta tiltak og tilretteleggjande tiltak og prosjekt.

 

Føremålet til kraftfondet:

Støtte til næringsføremål bør vera i tråd med prioriteringar i gjeldande kommunedelplan for næring. I kommunedelplan for næring og kompetanse 2015-2023 er følgjande satsingsområde vedteke:

1.      Byggja kompetanse som skapar talent og utnyttar teknologi.

2.      Utvikla eit pulserande og sjølvstendig regionsenter.

3.      Skapa opplevingar og innhaldsrik fritid.

4.      Styrka det etablerte og utvikla det særeigne.

5.      Skapa gnist for kreativ og framtidsretta næring.

 

Midlane kan ikkje nyttast til føremål som ikkje er i tråd med kommunen sine etiske eller andre interne retningslinjer.

 

Døme på tiltak som kan få kraftfondsmidlar:    

 

Bedriftsstøtte som til dømes etableringsstipend, opplæring, produktutvikling, marknadsføring, marknadsundersøking og planlegging som ikkje er del av løpande drift.

 

Kommunalt tiltaks- og næringsarbeid som til dømes næringsplanlegging, etableringsprosjekt, samarbeid skule/næringsliv og stadutviklingsprosjekt.

 

Kommunale investeringar for tilrettelegging for næringsverksemd som til dømes kommunal tilrettelegging av næringsarealer, fysisk stadutvikling og infrastruktur.


Fondet dekkjer i hovudsak tre typar tilskot:

  • Investeringstilskot.

  • Bedriftsutviklingstilskot.

  • Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur.


Alle søknader må sendast inn ved å bruke www.regionalforvaltning.no, og du må definere mål og tiltak samt syne til kostnads- og finansieringsplan.

 

Former for stønad:

Støtte skal i hovudsak gjevast som tilskot. Søkjarar som har vorte tildelt tilskot gjennom kraftfondet skal sende inn rekneskap/ årsmelding for det aktuelle år tilskotet vart utbetalt med tilbakemelding om kva betydning tilskotet hadde for det aktuelle året. Eventuelle andre vilkår for utbetaling av tilskot, vert fastsett per søknad. 

Berre unntaksvis kan midlane brukast til utlån, då kommunen ikkje har system eller ressursar til å handsama ein låneportefølgje. Eventuelt lån frå kraftfondet skal sikrast med pant. Rente på lån frå kraftfondet skal minst tilsvara rente til sjølvkostfond + 0,5 % rente. 

Søkjarar som har motteke lån til prosjekt skal sende inn årsmelding til kommunen inntil lånet er nedbetalt/innfridd.

 

Midlane skal ikkje brukast til aksjekapital i private bedrifter.

Det vert årleg halde att fondsmidlar på minst 1 mnok per år i gjeldande økonomiplanperiode, til eventuelle tiltak som oppstår i løpet av året som ikkje bør venta til neste budsjettvedtak. Eventuell bruk av midlane i løpet av året, krev heradsstyrevedtak. Rådmannen vert delegert fullmakt til å gje løyvingar på inntil kr 50.000. Rådmannen kan delegera fullmakta i organisasjonen.

Søknader til kraftfondet i Kvam herad skal sendast gjennom det elektroniske søknadssystemet på www.regionalforvaltning.no Det er ikkje høve til å levera inn søknader utanfor dette systemet.

Trong for støtte fra kraftfondet skal dokumenterast grundig.

Ved trong for hjelp til levering av søknad, ta kontakt med leiar næring i Kvam herad, Jan Tjosås, telefon 920 18 912, epost: jan.tjosaas@kvam.kommune.no


Søknadsfrist

Søknader til kraftfondet har desse søknadsfristane i 2020: 1. mai 2020, 1. juni, 1. september og 1. november


 Satsingsområde og vilkår for tildelingar fra kraftfondet:

 

1 Nyetableringar

Tiltak som fører til etablering av ny bedrift i Kvam herad

  • Etablering av eller tilretteleggjing for ny bedrift
  • Omstilling av eksisterande bedrift som fører til nyetablering


2 Bedriftsutvikling

Tiltak som utviklar eksisterande bedrifter i Kvam herad og skapar eller legg til rette for flere arbeidsplassar

  • Kompetanseheving/vidareutdanning/kurs
  • Utviklings- og veksttiltak
  • Marknadsføring
  • Samarbeidsprosjekt

 

3 Stadutvikling

Tiltak som aukar antall busette eller besøkjande turistar i Kvam herad

  • Reiselivstiltak
  • Skilting, guiding, turstiprosjekt mv
  • Arrangement og festivalar
  • Bulyst og trivselstiltak
  • Samlings- og møtestader
  • Tiltak som gjer at unge trivst og vil koma tilbake


For å få tilsagn om tilskot fra kommunalt kraftfond må definisjonen i minst eit av punkta vera oppfylt. Det vil vera positivt dersom fleire av satsingsområda vert kombinert.

 

Tilskotsbeløp

Tilskot kan normalt utgjera maksimalt 25 % av godkjente kostnader. For nyetableringar kan det gjevast utviklingstilskot som skal nyttast målretta til for eksempel idéutvikling, kompetanseheving, marknadsundersøkingar og marknadsføring. Her kan det gjevast inntil 75 % tilskot av godkjente kostnader, men maksimalt kr 50 000.


Standard vilkår for søkjarar til kraftfondet

Søkjar må ha tilhøyrigheit til Kvam herad , eller ynskje om å registrera føretak i kommunen.


  • Det vert normalt ikkje gjeve støtte til tiltak etter at dei er gjennomført eller investeringa er føreteke hvis det ikkje er avklara med, og godkjent av kommunen på førehand
  • Tilsagn frå fondet gjeld som hovedregel i 12 månader fra dato tilsagnet vert gjeve. I særlege tilfelle kan perioden utvidast gjennom søknad
  • Dersom prosjektet endres vesentlig må det søkes om endring av tilsagn
  • Tilsagnet vert utbetalt etter at søkjaren sender oppmodning om utbetaling, med dokumentasjon på bruk av midlane i forhold til tilsagnet
  • Tilsagnet fell bort dersom oppmodning om utbetaling ikkje er sendt inn innan fristen
  • Dersom det oppstår forhold som er i strid med forutsetningane for støtta kan kommunen avgjera at deler av eller heile tilskotet ikkje vert utbetalt
  • Kvam herad kan krevja heile eller deler av tilskotet tilbakebetalt dersom støtteobjektet vert seldt eller teke i bruk til anna føremål innan 5 år etter at tilskotet er utbetalt

Det kan ikkje gjevast tilskot til

  • Sanering av gjeld
  • Kjøp av næringstomter
  • Ordinær drift av verksemder


Ytterligere informasjon om kraftfondet og næringsutvikling i Kvam herad finn du på https://www.kvam.no/tenester/naring-og-skatt/

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen