(Du er ikke pålogget) 
 

Habitatkartlegging og planlegging av tiltak for SJØAURE

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskotsordning for vassmiljøtiltak i Møre og Romsdal vassregion

Temautlysing: Habitatkartlegging og planlegging av tiltak for SJØAURE

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å stimulere til eit ekstra fokus på sjøaurebekkar i 2024. Søk om støtte til flaskehalsanalyser, habitatkartlegging, og tiltaksplanar i bekkar med sjøaure.

Formål

Habitatkartlegging og tiltaksplanar vil vere grunnlaget for å sikre godt vassmiljø i sjøaurebekkane, og det vil vere eit ledd i å nå målsetningar i Regional vassforvaltningsplan.

Målgruppe

Kommunar, vassområdeutval, organisasjonar, grunneigarlag eller elveeigarlag kan søke om støtte.

 Vilkår

Tiltaket må bidra til å følgje opp Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion 2022-2027

Kartlegging, flaskehalsanalyser og tiltaksplanlegging er grunnlaget for å komme vidare med gjennomføring av habitatforbetrande tiltak i sjøaurevassdrag, og for å vere i posisjon til å søke midlar til tiltaksgjennomføring. Det kan søkast om støtte til flaskehalsanalyser, habitatkartlegging og tiltaksplanar i bekkar med sjøaure. Andre tiltak og prosjekt relevant for vassforvaltnings skal søkast tilskot frå ordinær ordning for vassforvaltning HER.

Avgrensing - Kva kan det ikkje søkast om støtte til

  • Tiltak i prioriterte vassførekomstar og tiltak fastsett i tiltaksprogram vil bli prioriterte. Det kan ikkje søkast støtte til generelle formidlingsprosjekt. 
  • Vi gjev ikkje tilskot til tiltak som fell inn under anna sektoransvar (forureinar betalar prinsippet). 

 

Generelle vilkår

  • Midlar som blir lyst ut skal løyvast etter gjeldande regelverk for tilskotsforvaltning i fylkeskommunen.
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
  • Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan.
  • Søknad og saksbehandling er offentleg.

Økonomisk ramme for ordninga

Det er sett av ei økonomisk ramme på NOK 500.000 til ordninga i 2024.

 

Søknadsfrist

15. april

 Søkeportal:

http://www.regionalforvaltning.no/

Kontaktpersonar

Håkon Slutaas, rådgivar, hakon.slutaas@mrfylke.no, tlf:71 28 03 52/975 94 361

Arne Håkon Sandnes, rådgivar arne.hakon.sandnes@mrfylke.no, tlf:71 28 03 50/408 72 123

Åsa Fredly, rådgivar asa.fredly@mrfylke.no, tlf: 71 28 02 28/924 26 293

Vidar Buset, rådgivar vidar.buset@mrfylke.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen