(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til internasjonale forprosjekt 2026

Opprett ny søknad på støtteordning

Utlysing: Tilskot til internasjonale forprosjekt

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut tilskot til internasjonale forprosjekt. Ordninga skal hjelpe aktørar i fylket med å utvikle idear, byggje nettverk og førebu prosjekt som kan søke støtte frå internasjonale program. Ordninga skal gi rom for å arbeide med prosjekt i tidleg fase, før ein sender inn ein større søknad.

 

 

Formål

Målet med ordninga er å:

 

  • auke kompetansen om internasjonalt prosjektarbeid i Møre og Romsdal
  • gi aktørar i fylket betre grunnlag for å delta i internasjonale samarbeidsprosjekt
  • bidra til fleire gode søknadar til relevante EU-program som til dømes Interreg, Horisont Europa, Erasmus+, Kreativt Europa og EØS-midlane
  • styrke regional utvikling gjennom internasjonalt samarbeid

 

 

Kven kan søke?

Ordninga er open for kommunar, innovasjonsmiljø, næringsklynger, og bedrifter i Møre og Romsdal. Søkar må vere registrert med organisasjonsnummer og ha tilstrekkeleg administrativ og fagleg kapasitet til å gjennomføre forprosjektet. Som hovudregelsøkar ha minst tre tilsette.

 

Søkar må vise at:

  • forprosjektet er godt forankra i verksemda
  • verksemda har kapasitet og kompetanse til å gjennomføre arbeidet
  • forprosjektet kan gi grunnlag for vidare internasjonalt samarbeid eller søknad til eit relevant program.

 

Det vil bli vurdert positivt om søknaden viser samarbeid mellom fleire aktørar, og om relevante fag- eller forskingsmiljø er kopla på.

 

 

Kva kan de søkje om støtte til?

De kan søkje om støtte til aktivitetar som gjer dykk betre førebudde til å delta i internasjonale prosjekt. Dette kan for eksempel vere:

  • kartlegging av relevante program og utlysingar
  • kompetanseheving om internasjonale ordningar
  • partnarsøk og nettverksbygging
  • møte med moglege samarbeidspartnarar
  • prosjektutvikling og førebuing av søknad
  • frikjøp av tid til utviklingsarbeid
 

Kva gir vi ikkje støtte til?

De kan ikkje få støtte til:

 

  • ordinær drift
  • kjøp av utstyr
  • kurs, seminar eller liknande som de sjølve arrangerer som ordinær aktivitet
  • vidareføring av avslutta eller pågåande prosjekt utan tydeleg ny internasjonal utviklingsdel
  • aktivitetar som alt er gjennomførte før det er gjort vedtak om støtte
  • innleigd hjelp til å utvikle prosjekt eller skrive søknad

 

 

Kva slags prosjekt ønsker vi?

Vi ønsker forprosjekt som kan føre til deltaking i internasjonale samarbeids- og finansieringsordningar, og som er relevante for utvikling i Møre og Romsdal. Det vil vere ein fordel om søknaden viser korleis prosjektideen heng saman med regionale behov og prioriteringar. Dette kan til dømes vere marin og maritim utvikling, sirkulærøkonomi, kompetanse og arbeidskraft, beredskap, grøn omstilling eller andre område som er viktige for utviklinga i Møre og Romsdal.

 

 

Slik vurderer vi søknadene

Vi vurderer søknadane etter kor godt dei svarer på formålet med ordninga og vilkåra i utlysinga. Vi legg særleg vekt på:

  • relevans for internasjonalt prosjektarbeid og regionale behov
  • kvaliteten på prosjektideen og om prosjektet inneber nyskaping eller vidareutvikling
  • kor tydeleg mål, delmål, aktivitetar og forventa resultat er skildra
  • verdi for søkjar, samarbeidspartnarar og Møre og Romsdal
  • moglegheit for vidare internasjonalt samarbeid eller søknad til relevante program
  • gjennomføringsevne, budsjett, finansiering og risiko

 

 

Kor mykje kan de få?

De kan søke om inntil 150 000 kroner. Tilskotet kan dekke inntil 75% prosent av godkjende kostnader. Prosjektet må vere fullfinansiert. Eigenfinansiering kan vere eigne midlar, eigeninnsats eller ein kombinasjon. Finansiering gjennom eige arbeid skal vere basert på faktiske kostnader. Timeprisen kan ikkje overstige 1 100 kroner per time. Eigeninnsats må dokumenterast med timelister. Kostnadsplanen må vise korleis eigenfinansieringa skal nyttast i prosjektet. Søknadane vil bli vurdert etter statstøtteregelverket. 

 

Utbetaling

Ved innvilga søknad kan inntil 50% av tilskotet betalast ut ved oppstart. Resten blir utbetalt når prosjektet er avslutta, sluttrapporten er godkjend og vilkåra for tilskotet er oppfylte.

 

Kva må søknaden innehalde?

Søknaden må innehalde:

 

 
  • ei kort skildring av prosjektideen

  • mål for forprosjektet

  • aktivitetsplan

  • budsjett og finansieringsplan

  • opplysningar om eventuelle samarbeidspartnarar og budsjett per partnar

  • ei skildring av kva internasjonalt program eller samarbeid prosjektet kan rette seg mot

  • ei kort vurdering av risiko og kva de vil gjere for å handtere moglege hindringar

  • ei skildring av kapasitet, roller og ansvar i gjennomføringa

  • ei vurdering av kva de ønsker å oppnå når forprosjektet er ferdig

 

 

 

Rapportering

De må levere sluttrapport når prosjektet er ferdig. Rapporten skal leverast etter fast mal og skal mellom anna skildre problemstillingar, gjennomførte aktivitetar, måloppnåing, resultat, effekt for søkjar og regionen, økonomi, vidare planar og dei viktigaste erfaringane frå prosjektet.

 

 
  • aktivitetane som er gjennomførte

  • resultat og erfaringar

  • kostnader og finansiering

  • vidare planar for internasjonalt samarbeid eller søknad

 

 

 

Oppfølging frå fylkeskommunen

Søkjarar som får støtte, må rekne med å delta i felles oppfølging undervegs i prosjektperioden. Dette kan vere digitale møte, fysiske samlingar eller annan fagleg rettleiing. Erfaringane frå pilotordninga viser at slik oppfølging gir meir læring, betre oversikt over relevante ordningar og nyttig erfaringsdeling mellom aktørane.

 

Søknadsfrist og søknadsskjema

Søknadsfrist er 20.oktoberSøknaden i søknadsportalen er grunnlaget for vurderinga. Vedlegg kan brukast til å dokumentere budsjett, finansiering og samarbeid, men skal ikkje erstatte svara i søknadsskjemaet.

Prosjektperioden er 01.11.202631.12.2027.

Samla ramme for ordninga er 700 000 kroner.

 

Kontakt

Har du spørsmål om ordninga, kan du kontakte Ingrid Gjelsvik, ingrid.gjelsvik@mrfylke.no, +47 955 28 836 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen