(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjons­ordning Sogndal Kommune – runde 7

Retningslinjer for kommunalt næringsfond i Sogndal kommune

  1. Bakgrunn

    Retningslinjene gjeld for kommunalt næringsfond i Sogndal kommune, etablert etter til Prop. 195 S (2020-2021)- Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 og prop. 79 S (2020-2021) «Økonomiske tiltak i møte med pandemien».

  2. Forvaltning av fondet

    Fondet skal nyttast i samsvar med «Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter» av 24. januar 2022. All støtte skal gjevast i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

    Delegasjonsreglement vert nytta i samsvar med tidlegare ordningar, der det er gjort fylgjande vedtak om delegasjon av vedtaksmynde for fondet:

    1. Maksimalt støttebeløp per søknad 200 000,- kr

    Søknadsfrist er sett til 31.05.2022, og næringar og bransjar som er særleg hardt ramma av pandemirelaterte utfordringar skal prioriterast.

    Midlane er fordelt til kommunar med utgangspunkt i tal tilsette innan servering, overnatting, sport og fritid, reisebyrå og -arrangørar, kunst og underhaldning og kongress-, messe- og utstillingsverksemd. Fordelinga til den enkelte kommune er justert for sesongvariasjonar i tal tilsette, andel utanlandsovernattingar i reiselivsregionane og sentralitet. 

  3. Målsetjing med tilskotet

    Målet med ordningen er å sette kommunene raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale virksomheter for å opprettholde arbeidsplasser og viktig kompetanse i bedrifter.

    Verksemder som var i vanskar per 31/9/19, ref. gruppeunntaksforordninga sin artikkel 2, paragraf 18, kan ikkje gjevast støtte.

  4. Støttevilkår

    Støtta vert gjeven i samsvar med regelverket for offentleg støtte. Søkar pliktar å sette seg inn i dette regelverket. Nærings- og fiskeridepartementet har laga ein rettleiar i offentleg støtte som kan finnast her: veileder_offentlig-stotte.pdf (regjeringen.no)

    Tilskotta i denne runda vert gjevne i samsvar med den nasjonale paraplyordninga, notifisert av nærings- og fiskeridepartementet og godkjent i ESA den 16. april 2021. Søkar må opplyse om eventuelle konsernrelasjonar for søkarbedrifta.

  5. Klage

Vedtak vert rekna som enkeltvedtak etter §2 i forvaltningslova, og kan påklagast. Formannskapet er klagehandsamingsorgan for administrative vedtak. Kommunestyret er klagehandsamingsorgan for vedtak i formannskapet.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen