(Du er ikke pålogget) 
 

Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond 2025

Opprett ny søknad på støtteordning

 Kommunar, bedrifter og næringsnettverk, interesseorganisasjonar, utdannings- og forskingsinstitusjonar kan i 2025 søke om støtte til tiltak for å hjelpe villaksen og utvikling av havbruk som ikkje har negative konsekvensar for villaksstammane. Det er i tillegg opna for å støtte satsingar for å sikre torskestammane.  
Målet med ordninga
Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond har som overordna formål å fremje ei berekraftig utvikling og auka verdiskaping i marin sektor i Møre og Romsdal.  

Kven kan søke?

Kommunar, bedrifter og næringsnettverk, interesseorganisasjonar, utdannings- og forskingsinstitusjonar kan søke om støtte.

Kva kan du søke støtte til?
Tiltak for å hjelpe villaksen og utvikling av havbruk som ikkje har negative konsekvensar for villaksstammane. Det vert i tillegg opna for å støtte satsingar for å sikre torskestammane

Det er sett av inntil tre (3) millionar kroner til desse tiltaka i 2025. Søkarar og prosjekt må ha forankring og aktivitet i Møre og Romsdal.

Vi gir ikkje tilskot til tiltak som fell inn under anna sektor- eller forvaltingsansvar, dvs. aktivitetar som ligg til Fiskeridirektoratet, kommunen, NVE, Havforskingsinstituttet eller andre som har ansvar for oppfølging av tiltak og forsking på marine ressursar.

 

Meir info her: https://mrfylke.no/tenester/tilskot-prisar-og-stipend/oversikt-over-tilskot-prisar-og-stipend/marint-miljosikrings-og-verdiskapingsfond.28137.aspx#faqsporsmal-1278

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen