(Du er ikke pålogget) 
 

Reiseliv - attraktivitet gjennom berekraft

Opprett ny søknad på støtteordning

 

Formål
Ordninga skal støtte utviklingsprosjekt som bygger opp under posisjonen «Møre og Romsdal som opplevingsfylke nr. 1 i Norge». Prosjekt skal bidra til å skape og spre aktivitet i heile Møre og Romsdal - heile året, og bygge på målsettingar for eit berekraftig reiseliv i Scenario 2030: «Attraktivitet gjennom berekraft» 
 
Målgruppe: Kven kan søkje
Destinasjonsselskap, kommunar eller andre utviklingsaktørar 


Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til
Ut
viklingstiltak for reiseliv- og opplevingsnæringane. Det kan til dømes vere:

  • Kompetanseheving
  • Forstudie og forprosjekt for utvikling av nye attraksjonar
  • Tiltak som kan fremme forsking og innovasjonsarbeid i reiselivet
  • Andre fellestiltak som bidrar til berekraftig utvikling av reiseliv og opplevingsnæringane i Møre og Romsdal

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til

  • Utvikling av enkeltbedrifter
  • Marknadsføring, mellom anna utarbeiding av marknadsmateriell, brosjyrar, portalar/nettsider, infoskilt, digitale verktøy m.m.
  • Utarbeiding av «masterplaner» eller andre kommunale planer for reiseliv

 

Generelle vilkår

  • Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift.
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
  • Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan.
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats skal prisast til 1,2 promille av årsløn, men maksimalt 1 100 kroner per time.
  • Søkar må opplyse om ein har mottatt anna offentleg støtte dei siste tre åra. Søknaden vert vurdert etter statsstøtteregelverket i tråd med gruppeunntaksforordninga artikkel 25 (d), 27 eller 31.
  • Søknad og saksbehandling er offentleg. 

 

Evalueringskriterium: Kva vert lagt vekt på ved vurdering av søknaden

  • Relevans
  • Gjennomføringsevne
  • Metodikk 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen