(Du er ikke pålogget) 
 

Villrein og heieområde – kunnskapsformidling til barn og unge

Opprett ny søknad på støtteordning

Dette er ei regional støtteordning for Heiplanen finansiert med midlar frå Telemark, Agder, Rogaland og Vestland fylkeskommunar.

Målet er å generere aktivitet som bidrar til kunnskapsformidling om villrein og villreinfjella til barn og unge. Kunnskapsbasert planlegging og utvikling er eit av satsingsområda i Heiplanen og støtteordninga er forankra i Handlingsprogrammet 2024-2027.

Det lyses nå ut kr. 235 000.

 

Føremål

  • Arrangere / legge til rette for opplevingar eller aktivitet for å gi skuleborn og -ungdom auka kunnskap, stoltheit og forståing av heieområda og villreinen. 
  • Aktivitetane og opplevingane skal gi skuleungdommane auka kunnskap og betre forutsetning for å taka omsyn til villreinen.
  • Det er ein føresetnad at aktivitetane og opplevingane ikkje er i konflikt med leveområda til villreinen.

 

Kven kan søke

  • Kommunar og skular i Heiplankommunane kan søke.
  • Frivillige organisasjonar kan søke om støtte til aktivitetar som leggjast til ein eller fleire av Heiplankommunane.
  • Private aktørar kan søke om støtte til aktivitetar dersom aktiviteten famnar ein eller fleire skular og samarbeid med disse er etablert. Skulane må ligge i Heiplankommunane.

Kva kan det søkjast om

De kan søke om økonomisk støtte til å gjennomføre aktivitetar som er i samsvar med føremålet. Det kan løyvast inntil 50 prosent av godkjend budsjett.

Søknadene blir handsama og avgjort av Heiplansekretariatet.

 

Søknad 

De skriv søknaden i søkarportalen www.regionalforvaltning.no under støtteordninga Villrein og heieområde – kunnskapsformidling til barn og unge 

Søknaden må synleggjere følgande: 

  • Korleis aktiviteten skal gjennomførast og korleis den skal gje skuleungdommane auka kunnskap og betre forutsetning for å taka omsyn til villreinen. 

 

Aktiviteten må ikkje kome i konflikt med leveområda til villreinen. 

For meir informasjon sjå Retningsliner 2025 til støtteordninga. (Retningslinene finn du nederst på sida i lenka, i dei blå nedtrekksboksane.)

Det skal leverast rapport og prosjektregnskap før sluttutbetaling kan finne stad.

Søknadsfrist 30. april 2025

 

Kontaktar

Om de treng hjelp til å utforme søknad kan de kontakte: 

Tom Omnes Lia, Telemark fylkeskommune, Tom.omnes.lia@telemarkfylke.no

Katrine S. Gunnarsli, Agder fylkeskommune, Katrine.Skajaa.Gunnarsli@agderfk.no   

May Endresen, Rogaland fylkeskommune, May.endresen@rogfk.no

Snorre Waage, Vestland fylkeskommune, Bjorn.snorre.waage@vlfk.no 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen