(Du er ikke pålogget) 
 

Merkur servicestøtte 2025

Opprett ny søknad på støtteordning

Servicestøtte til distriktsbutikkar

Servicestøtta skal bidra til å oppretthalde dei aller minste daglegvarebutikkane. Servicetilskotet skal bidra til tilleggsoppgåver til lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. 

Merkur-forskrifta har klare rammer for kven som kan motta servicestøtte. 

Du kan søkje om støtte til butikken din dersom den

  • har ein avstand på minst 20 kilometer til næraste alternative innkjøpsstad, eller ligg på ein stad utan fast vegsamband, eller er einaste daglegvarebutikk på ei øy
    har omsetning for mindre enn 5 millionar kroner i året. Meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel skal ikkje reknast med
  • er open heile året og har ope minst 3 kvardagar per veke i lågsesong
  • har minst tre tilleggstenester i tillegg til sal av daglegvarer, til dømes post og bank i butikk, tipping, kaffikrok, turistanlegg, kommunalt servicekontor, sal av drivstoff, kafé/pub, mm.

Maksimalt støttebeløp er 150 000 kroner pr. år, eksklusiv meirverdiavgift. 75 % av støttebeløpet blir betalt ut ved tilsagn. 25 % blir betalt ut etter sluttrapportering.

Servicestøtte - Merkur-programmet

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga. Vi tek atterhald om tilgjengelege midlar. Butikkar som mottok servicestøtte i 2024 må ha levert sluttrapprot før ein søkjer på nytt.

Støtteordninga gjeld Merkur-butikkar. Det vil seie daglegvarebutikkar som har delteke eller deltek i Merkur sitt kompetanseprogram. Bokhandlar som har deltekei Merkurs kompetanseprogram, er ikkje omfatta av servicestøtteordninga.

For meir informasjon: Servicestøtte - Merkur-programmet

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen