(Du er ikke pålogget) 
 

Lokal kompensasjonsordning - Lom kommune

NB: NY SØKNADSFRIST 20. mai 2021. 

Målet for ordninga er å kompensere bedrifter som har hatt betydeleg omsetningstap på grunn av korona, men som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Det kan også søkast om støtte til fellestiltak i reiselivet som kjem mange til gode. Bedrifta skal fortrinnsvis ha forretningsadresse i Lom.
Alle må søkje gjennom www.regionalforvaltning.no

Følgjande må dokumenterast i søknaden: 

  • At verksemda har hatt betydeleg omsetningssvikt og/eller meirutgifter som følgje av lokale eller nasjonale smitteverntiltak i perioden frå ca. 12. mars 2020 og fram til ca. 10. april 2021. Angi storleiken på tapet og / eller meirutgiftene så godt det let seg gjere (samanlikna med same tidsperioda i eit normalår som 2019). Skriv inn heile dette beløpet under "Hvor stort beløp søker du"
  • At verksemda heilt eller delvis har falle utanfor andre nasjonale kompensasjonsordningar, og kvifor. Det er ikkje mogleg å skrive i sjølve søknadsskjemaet, så skriv tekstdelen inn i eit worddokument som du legg med som vedlegg. Her kan du også kommentere tallgrunnlaget viss du ynskjer det.  
  •  Om verksemda har motteke bagatellmessig støtte dei siste tre regnskapsåra og eventuelt kor mykje.

Eller:

Viss du søkjer om støtte til fellestiltak i reiselivet skal du beskrive tiltaket og legge ved budsjett og finansieringsplan. Du må dokumentere om du har motteke bagatellmessig støtte dei siste tre regnskapsåra, og eventuelt kor mykje.

Det er eit avgrensa beløp Lom kommune har fått til fordeling og det kan bli naudsynt med ein skjønnsmessig prioritering av søknadane. Det er ikkje gitt at alle verksemder som søkjer vil få støtte og ein kan heller ikkje rekne med at omsetningssvikt/meirutgifter blir dekka fullt ut.

Ordninga er tillitsbasert. Du treng altså ikkje legge frem detaljert økonomisk informasjon til kommunen i denne søknaden, men ei grovoversikt. At opplysningane stemmer er ditt ansvar aleine.
Legg merke til at alle opplysningar i søknaden vil bli journalført og dermed bli offentleg informasjon. Bedrifter som er under konkursbegjæring eller liknende vil ikke motta støtte.

Søknadsfrist: 20. mai 2021

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen