(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskudd til prosjekt i anledning utvandrermarkeringen 2025 "migrasjon og identitet"

Tilskudd til prosjekt i anledning utvandrermarkeringen "migrasjon og identitet"

Det fylkeskommunale prosjektet «Migrasjon og identitet - ei markering av utvandrarjubileet 2025» er bakgrunnen for at det er oppretta ei tilskotsutlysing.  Vi ønsker å løfte tema som migrasjon og identitet. Dette har bakgrunn i vår eiga historisk store utvandring til Nord-Amerika som starta for 200 år sidan. 

Migrasjon er flytting frå eit område til eit anna, innvandring og utvandring. Migrasjon omhandlar både den historiske utvandringa frå Norge, og dagens innvandring til Norge. 

Identitet svara på spørsmålet “kven er eg?”identitet kan vere individuell og personleg, eller kollektiv, sosial. 

Alle tilskotsordningar i Innlandet fylkeskommune skal bidra til å oppfylle vedtekne strategiar, som igjen bygger på FN sine 17 berekraftsmål.

Føremål

Ordninga skal stimulere til at små og store prosjekt som har migrasjon og identitet som tema skal kunne utviklast og gjennomførast. Prosjekta kan knytast til utvandrarmarkeringa og bidra til å styrke fellesskapet, gi respekt for mangfaldet og hindre utanforskap.

Søknadsfrist

Søkandsfristen er 15. oktober 2025 kl. 23:59. Fristen gjeld for prosjekt som hovudsakleg skal settast i verk i 2025.

Søknadsskjema

Gå til digitalt søknadsskjema i regionalforvaltning

Kven kan søke? 

Aktørar på kulturfeltet, i næringslivet eller på andre fagområder som ønsker å gjennomføre gode idear.  Herunder frivillige lag og foreiningar, profesjonelle aktørar på kulturfeltet, museum, kommunar med meir.

Samarbeid mellom ulike aktørar, organisasjonar og institusjonar blir sett på som ei styrke og blir verdsatt i behandlinga av søknadar. Mottakarar av stønad frå ordninga «Tilskudd til etablerte kulturaktører (tidl. kulturinstitusjoner)», eller andre fylkeskommunale ordningar, kan òg søke midlar gjennom ordninga. 

Prosjekt som involverer born og unge og personar med minoritets- og/eller innvandrarbakgrunn er positivt.

Minst ein av aktørane i prosjektgruppa må ha adresse i Innlandet. 

Krav til søknaden 

I søknadsskjemaet og vedlegga, skal det kome fram følgande:

  • kort prosjektskildring som forklarar bakgrunn, formål og framdriftsplan. Det skal også stå noko om korleis prosjektet knyter seg til og er eit bidrag til den nasjonale utvandrarmarkeringa (sjå nettsidene til crossings.no)
  • kven som er involvert i gjennomføringa av prosjektet/tiltaket
  • kven som er målgruppa/målgrupper for prosjektet/tiltaket
  • korleis migrasjon og/eller identitet er ein del av prosjektet/tiltaket
  • budsjett, finansieringsplan og søknadssum

Tildelingskriterium

Søknadane vert vurdert ut i frå følgjande kriterium:  

  • om planane svarar godt på formålet med ordninga
  • bakgrunnen til ansvarlege i prosjektet
  • om prosjektet/tiltaket treff målgruppa godt
  • om prosjektet/tiltaket har fleire samarbeidsaktørar, gjerne på tvers av fagområde
  • prosjekt som styrkjer sivilsamfunnet ved innsats frå fleire, høg frivilligheit eller på andre måtar er inkluderande
  • om prosjektet/tiltaket er nyskapande eller nytenkjande i gjennomføringa, tematisk eller innhaldsmessig
  • inkludering og tilgjengelegheit til prosjektet/tiltaket gjennom faktorar som pris, gratisprinsipp, type arena eller andre ting som inkluderer flest mogeleg
  • om prosjektet/tiltaket kan bidra til eit offentleg ordskifte, er det positivt
  • dersom prosjektet/tiltaket gir varige spor og står att i Innlandssamfunnet eller er starten på eit fast tiltak, er dette positivt

Avgrensing

  • Maks tildelingssum er på 250 000 kroner. 
  • Det blir ikkje gitt tilskot til bokutgivingar, plateutgivingar og tilsvarande.
  • Deltakarutgifter (billettkostnadar) og reiseutgifter til andre arrangement fell utanfor denne ordninga.
  • Fylkeskommunen fullfinansierer ikkje prosjekt. Det må kome fram kven andre som er bidragsytarar (tidsbruk/arbeidsinnsats eller reine midlar).

Behandlingstid

Du må forevente minst to månaders behandlingstid etter fristen. Hovudutval for kultur skal vedta fordelinga. 

Rapportering

  • Det skal leverast ein kortfatta prosjektrapport og rekneskap.
  • Rapporteringsfrist er 15. november 2025.
  • Fylkesrevisor har innsynsrett i rekneskap som omfattar bruk av fylkeskommunale midlar.
  • De kan bli oppmoda om å presentere prosjekt og tiltak på konferansar eller andre samanhengar (eigne avtalar vert i så fall gjort i kvart einskild tilfelle).  

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen