(Du er ikke pålogget) 
 

MERKUR Investeringsstøtte 2025

Opprett ny søknad på støtteordning

Investeringsstøtte til distriktsbutikkar

Nærbutikk er ein viktig del av tenestetilbodet for folk i distrikta. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har derfor etablert ei ordning der nærbutikkar kan søkje om støtte til viktige investeringar.

Målet med støtteordninga er å sikre innbyggjarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.

Investeringsstøtta skal gå til fysiske investeringar i butikkane. Butikkane kan til dømes søkje om støtte til investeringar i ENØK-tiltak, kjøle-/fryseutstyr og butikkdata.  Maksimal støtte pr. butikk er kr 600 000 pr. år. Minimum søknadsbeløp pr. søknad er kr 25 000. Søknader på mindre beløp i støtte, blir ikkje handsama.

Merkur-forskrifta har klare vilkår når det gjeld omsetning og avstand til næraste butikk. Hovudregelen er at det skal vere 10 km avstand til nærmaste alternative butikk og at årsomsetnaden skal vere under 15 millionar kroner.

Støtteordninga gjeld daglegvarebutikkar som har delteke eller deltek i Merkur sitt kompetanseprogram. Bokhandlar som har deltatt i Merkurs kompetanseprogram, er ikkje omfatta av støtteordninga.

 Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, søknader kan sendast heile året. Prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla.

For meir informasjon: Merkur-programmet 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen