(Du er ikke pålogget) 
 

Omstilling til framtidsretta lokalsamfunn 2025

Opprett ny søknad på støtteordning

Målet med ordninga 

Ordninga skal bidra til å omstille lokalsamfunn for framtida og styrke kommunane sin kapasitet til å drive fram utviklingsarbeid. Ordninga skal særleg bidra til å gjere lokalsamfunn meir attraktive for busetting og næringsliv, mellom anna ved å styrke næringsgrunnlaget og bidra til at nye arbeidsplassar blir etablerte. 
Ordninga prioriterer område med særlege distriktsutfordringar og prosjekt tufta på eit privat-offentlege partnarskap. 

Kven kan søke? 

Både kommunar og andre organisasjonar som driv lokal eller regional nærings- og samfunnsutvikling kan søke støtte.  

Kva kan du søke støtte til? 

Prosjekt som kan styrke lokal næringsutvikling, og bidra til attraktivitet, rekruttering og inkludering av arbeidskraft 

Du kan søke støtte til tiltak som kan gi auka attraktivitet for busetting og næringsliv, og styrke kommunane sin kapasitet til å drive utviklingsarbeid. 

Dette kan vere prosjekt som tenker nytt om rekruttering og inkludering av arbeidskraft eller som prøver ut nye former for arbeidsfellesskap, bustadsutvikling eller anna som bidrar til meir attraktive lokalsamfunn. 

Omstilling som følge av nedgang i folketal og sysselsetting 

Du kan søke støtte til tiltak som skal styrke næringsgrunnlaget og bidra til etablering av nye arbeidsplassar. Kommunar med stort tap av arbeidsplassar og folk over kortare eller lengre tid blir prioriterte 

Utvikling av berekraftig eit reiseliv – heile året! 

Du kan søke støtte til prosjekt som legg til rette for  verdiskapande opplevingar i heile Møre og Romsdal - heile året. Dette er ei satsing som byggernasjonale og regionale målsettingar for berekraftig reiseliv og besøksforvaltning, og kan mellom anna innebere fellestiltak for kompetanseheving, samarbeid for utvikling av nye attraksjonar og anna innovasjonsarbeid som bidrar til å auke verdiskapinga i reiselivsnæringa til Møre og Romsdal 

Innkjøpssamarbeid mellom offentlege og private for å finne nye løysingar 

Ønsker du å utvikle ei ny løysing som kan løyse utfordringar kommunen din? Då kan du søke om støtte til å gjennomføre eit innkjøpssamarbeid mellom offentlege og private aktørar. 

Støtta skal dekke kostnadar for leverandørar som utviklar ei ny løysing, inkludert utgifter til rådgiving frå innovasjonsmiljø. For at alle leverandørar skal få like moglegheiter, og for å sikre ein rettferdig og open prosess, må utviklingsarbeidet følge reglane for offentlege innkjøp. Dette betyr at du berre kan få støtte der prosjektet blir gjennomført som ein del av ein offentleg anbodskonkurranse. 

Korleis søker du, og når er fristen? 

For å søkedu fylle ut søknadsskjema og sende inn søknaden tilskotsportalen www.regionalforvaltning.no  

Søknader om tilskot på mindre enn 500 000 kroner har ingen søknadsfrist og vert behandla fortløpande av kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen.  

Søknader om 500 000 kroner eller meir i tilskot vert behandla politisk av kompetanse- og næringsutvalet, og må leverast innan ein av desse fristane:  

    • 1. april 2025 (blir behandla 8. mai)
    •  1. mai 2025 (blir behandla 5. juni)
    •  1. juli 2025 (blir behandla 18. september)
    •  15. september 2025 (blir behandla 23. oktober)
    • 1. november 2025 (blir behandla 4. desember)  

 

Fylkeskommunedirektøren kan bestemme at også søknader om mindre enn 500?000 kroner blir lagt fram for politisk behandling, dersom vedtaket krev politisk skjønn  

 

Andre vilkår du må vere merksam på

Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift. Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført. 

Tilskot frå fylkeskommunen er avgrensa til maksimalt 50 prosent av totalkostnad. Finansiering gjennom eige arbeid i prosjektet har ein timepris på 1,2 promille av årsløn, maksimalt 1 100 kroner per time.    

Vi kan betale ut 75 prosent av tilskotet undervegs i prosjektperioden, basert på innrapporterte kostnader. Ytterlegare vilkår vert gitt i tildelingsbrev. 

Søknader blir vurdert opp mot statstøtteregelverket, og alle opplysningar i søknad og saksbehandling er offentlege.  

Korleis vurderer vi søknaden? 

Alle søknader vert vurdert etter desse tre kriteria:  

  1. Kvalitet og innovasjon.  

    • Relevans i høve til utlysinga: «Treff» prosjektet utlysinga, og svarer det på vilkåra til ordninga?
    •  Innovasjon: Alle prosjekt må ha ei form for nyskaping eller stegvis utvikling, sjølv dei små. Der eit prosjekt liknar på noko som har blitt gjort før bør søknaden gjere greie for ulikskapar. 
    • Metode: Prosjektet skal ha eit klart mål og gode delmål, men skal også beskrive korleis dei vil oppnå desse og vise til smarte indikatorar for måloppnåing og effektar. 
  1. Effekt og verdiskaping.  

    • Verdi for søkaren og regionen: Det skal kome godt fram korleis prosjektet skal skape verdi for regionen, partnarskapet og søkaren. Prosjektet skal også vise korleis det svarar ut måla til regionen for grøn industrivekst, berekraftig utvikling eller andre område omfatta av regionale planar. 
    •  Moglegheit for vidareutvikling: Det skal vere tydelege moglegheiter og planar for å ta prosjektet vidare etter sluttføring, gjerne ved å vise til større nasjonale og internasjonale ordningar, innhenting av privat kapital eller anna form for kommersialisering eller vidare verdiskaping. 
    • Kommunikasjon og kompetansedeling: Prosjektet skal vise til korleis prosjektet og resultata skal bli formidla til relevante målgrupper som næringsliv, lokalsamfunn og offentlege aktørar på måtar som engasjerer og skapar positive ringverknader og læring. For store prosjekt skal det vere utarbeidd ein kommunikasjonsplan.  
  1. Gjennomføring.  

    • Prosjektplan: Det skal kome tydeleg fram korleis prosjektet skal gå fram for å nå måla og delmåla som er definerte, gjerne i form av ulike arbeidspakker med ulike ansvarlege og prosjektfunksjonar. 
    •  Risiko: Prosjektet skal?drøfte særleg sannsynlege hindringar som kan oppstå og greie ut korleis desse bli førebygde og møtast for å minske risiko. 
    • Ressursbruk: Prosjektet skal ha eit realistisk budsjett. Budsjettet skal spegle partnarar og innsatsane deira, og skal også gjere tydeleg ulike finansieringskjelder.  

 

Alle søknader får ein karakter mellom 1-7 på kvart kriterium. Prosjektsøknader må få ein karakter på 4 eller betre på alle kriteria for å kvalifisere for tilskot. Søknader om tilskot på mindre enn 500 000 kroner blir vurderte av minst to saksbehandlarar i kompetanse- og næringsavdelinga. Søknader om 500 000 kroner eller meir blir vurderte av eit fagpanel før politisk behandling. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen