(Du er ikke pålogget) 
 

Lokal samfunnsutvikling i distriktskommunane i Innlandet

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskotsordning for lokal samfunnsutvikling i distriktskommunane i Innlandet 2024

 

Føremål

Kommunar som har langvarig nedgang i folketal og sysselsetjing av særleg omfattande grad kan søke om tilskot til prosjekt som

  • Kan gje auka attraktivitet for lokalsamfunnet, inkludert næringslivet.
  • Kan styrke kommunen/-ane sin kapasitet til å arbeide med utvikling av kommunen og attraktivitet.

Kven kan søkje

Alle distriktskommunar i sentralitetsklasse 4, 5 og 6 i Innlandet kan søkje. Sjå liste under.

 

Prioritering

  • Tildelinga frå kommunal- og distriktsdepartementet er basert på folketalet i dei 17 kommunane som skårar lågast på distriktsindeksen, og søknader frå desse kommunane vil bli prioritert høgast under føresetnad av god kvalitet og at dei oppfyller alle krav som ordninga set.
  • Søknader frå andre kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6 vil bli prioritert høgare enn søknader frå kommunar i sentralitetsklasse 4 dersom søknadene er like gode.
  • Søknader frå samarbeidande kommunar blir prioritert høgare enn søknader frå enkeltkommunar dersom søknadene blir vurderte som like gode.
  • Søknader frå samarbeidande kommunar som inkluderer styrking av den samla attraktiviteten i regionen gjennom utvikling av regionsenteret blir prioriterte.
  • Søknader som tydeleg viser at kompetansen frå prosjektgjennomføringa blir verande i kommunen blir prioriterte.
  • Godt utvikla prosjekt som er forankra i politiske vedtak og kommunale/regionale planar blir prioriterte.
  • Prosjekt som gjeld tilflyttingskampanjar, omdømmetiltak, filmar o.l. blir ikkje prioriterte.

Økonomi

Det er sett av 4 000 000 kr til tilskotsordninga for 2024.

Maksimalt tilskot pr. prosjekt er 500 000 kr.

For samarbeidande kommunar er maksimalt tilskot pr. prosjekt 700 000 kr.

Det kan maksimalt tildelast 50 % tilskot til eit prosjekt.

Kommunen/kommunane må finansiere minimum 25 % av totalkostnaden med pengar.

Maksimal timeløn for eigeninnsats er 700 kr/time.

For prosjekt der tilskotet er over 300 000 kr er det mogleg å be om ei delutbetaling undervegs i prosjektarbeidet.

Krav til søknaden

  • Søknaden skal sendast inn via søknadsportalen regionalforvaltning.no. Søknader som er sendt inn på andre måtar blir avviste.
  • Kontaktopplysningar: Namn og organisasjonsnummer for søkjar, og kontaktperson.
  • ·Økonomi: Det må leggast inn fullstendig kostnadsbudsjett og finansieringsplan for prosjektet. Eigeninnsatsen må beskrivast i kostnadsbudsjettet (eigeninnsats kan maksimalt verdsetjast til 700 kr pr time). Eigeninnsatsen i finansieringsplanen kan ikkje vera større enn eigeninnsatsen i kostnadsbudsjettet.
  • Kort beskrivelse av tiltaket: Kva er utfordringa som prosjektet skal arbeide for å løyse, mål for prosjektet og forventa resultat, kva som skal gjerast (tids- og aktivitetsplan), kven er ev. samarbeidspartnarar. Kopling til kommunale og regionale planar.
  • Søknad gjennom andre ordningar: Er det søkt støtte til tiltaket gjennom andre offentlege ordningar? I så fall kva for ordningar?
  • Maksimal støtte: 500 000 kr for enkeltkommunar, 700 000 kr dersom to eller fleire kommunar samarbeider.

 

Krav til rapportering

  • All rapportering skal skje via portalen regionalforvaltning.no
  • Ved delutbetaling skal det sendast inn ein delrekneskap og ein kort rapport om aktivitetane i prosjektet fram til da, med eventuelle avvik frå den oppsette planen.
  • Ved sluttutbetaling skal det leggast fram dokumentert sluttrekneskap og ein rapport for gjennomføringa av prosjektet og kva for resultat som er oppnådde.

 

  • Fylkeskommunen kan i nokre av prosjekta ønskje å bli involvert undervegs i arbeidet. Dette vil bli avtalt ved oppstarten av prosjektet.  

Kontaktpersonar

Torunn H. Kornstad

E-post: torkor@innlandetfylke.no

Tlf.: 482 28291

 

Kari H. K. Sundfør

E-post: karsun@innlandetfylke.no

Tlf.: 974 80 829

Søknadsfrist

30. august 2024

 

 

 


Høgast prioriterte distriktskommunar i følgje distriktsindeksen (sentralitetsklasse 5 og 6):

Dovre

Lom

Sør-Aurdal

Engerdal

Os

Tolga

Etnedal

Rendalen

Vestre Slidre

Folldal

Sel

Vågå

Grue

Skjåk

Våler

Lesja

Stor-Elvdal

 

 

Andre distriktskommunar i sentralitetsklasse 5 og 6:

Alvdal

Trysil

Åmot

Nord-Fron

Tynset

Åsnes

Ringebu

Vang

 

Sør-Fron

Øystre Slidre

 

 

Distriktskommunar i sentralitetsklasse 4:

Eidskog

Nord-Odal

Østre Toten

Gausdal

Nordre Land

Øyer

Nord-Aurdal

Søndre Land

 

 

  

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen