(Du er ikke pålogget) 
 

Kvinnherad kommune – Kommunal kompensasjonsordning – runde 7

 

Kvinnherad kommune - Kommunal kompensasjonsordning Covid 19 – runde 7 

Kvinnherad kommune er i denne runden tildelt kr 341000 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Støtta skal gå til lokale verksemder. 

 

Mål for tilskotet og krav til bruk av tilskotet 

Målet med ordninga og tilskotet er å setja kommunane raskt i stand til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder i næringa, gjennom tildeling av kompensasjonstilskot. Tilskotet skal difor særleg bidra til å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedrifter som er ramma av dei siste smitteverntiltaka. 
Målgruppa er dei som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. 
 

Desse bedriftene kan søkje om kompensasjon: 

1. Verksemda må ha operativ verksemd i Kvinnherad kommune 
2. Bedrifter utan tilsette kan ikkje søke. Unntak er enkeltpersonføretak og ansvarleg selskap der føretaket si inntekt er minst ein av deltakarane si hovudinntekt 
3. Tilskot vil bli gitt etter notifisert ordning for støtte etter statsstøtteregulativet 
4. Den sjuande tildelingsrunden skal kompensera for tapt omsetnad etter 1 november 2021 og fram til 28 februar 2022. 


Kommunane står fritt til å velje korleis midlane vert tildelt, og Kvinnherad kommune vil i denne runden prioritere i denne rekkefølgja: 
 
1. Sports- og fritidsaktivitetar 
2. Servering 
3. Overnatting 
4. Reisebyrå- og reisearrangørar 
5. Kunstnerisk verksemd og underhaldning 
6. Kongress-, messe- og utstillingsverksemder 

 

Fordeling av midlar: 

I samband med fordeling av midlar i runde 3 vedtok Formannskapet (16.september 2021) eit minimumsbeløp på kr 30 000 og eit maksbeløp på kr 100 000. Dette vil også vere gjeldande ved denne tildelingsrunden.  
 

Krav til søknad: 

Søknad om støtte skal registrerast på www.regionalforvaltning.no i eit nytt søknadsskjema laga for denne ordninga med desse krava til søknaden: 
Kontaktopplysningar og organisasjonsnummer 
Informasjon om økonomi og tapte inntekter i perioden november 2021 – februar 2022 
Informasjon om eventuelt anna offentleg støtte 
 

Vedlegg til søknaden:? 

Kort grunngjeving for søknaden 
Skatteattest skal leggast ved søknaden. Verksemda kan ikkje vere insolvent, under konkursbehandling eller under avvikling 
Rekneskapsoversikt attestert av rekneskapsførar 
 
Dokumentasjon vil ikkje bli etterspurd, og manglande dokumentasjon kan føre til avslag eller reduksjon i tildeling. 

 

Krav til bruk av tilskotet: 

Statsstøtteregelverket : Kommunal støtte til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte 
 
For meir informasjon sjå og «Informasjon fra Kommunal og moderniseringsdepartementet»
Kostnadar som er dekka gjennom andre kompensasjonsordningar støttast ikkje. 
 
Søknadsfrist: 28.mars 2022 kl 00:00. 
Administrasjonen vil vurdere innkomne søknader og legge fram innstilling til Formannskapet. 
Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling. 
 
Spørsmål om ordninga kan rettast til 

Margit Lund-Mikkelson. 
E-post: margit.lund-mikkelson@kvinnherad.kommune.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen