(Du er ikke pålogget) 
 

Tiltakspakke Vestland

Tiltakspakke Vestland 

Fylkesutvalet har løyvd 17,7 millionar kroner til tiltak for å avhjelpe situasjonen i næringslivet knytt til å dempe koronapandemien si verknad for næringslivet. Desse dokumenta er styrande for bruken av midlane: Sak i fylkesutvalet 26. mars med vedtak og «Tiltakspakke Vestland».

Søknadsfrist er 1. mai 2020Vedtak og svar om tildeling vert gjort innan 15. mai 2020. For søknad retta mot «Auka tilbod om etter- og vidareutdanning» er søknadsfrist 1. juni. 

Dei vedtekne innsatsområda som ein kan søkje om prosjektstøtte innanfor er:  

  • Reiseliv og beslekta næringar, leverandørindustrien innan olje og gass 
  • Støtte til næringshagar og inkubatorar
  • Auka tilbod om etter- og vidareutdanning
  • Samle kunnskap om Covid-19 og næringslivet

Støtte til reiselivsbransjen gjennom destinasjonsselskapa vert handtert eiga utlysning med søknadsfrist 17. april.

 

 

For søknadar retta mot næringshagar og inkubatorar gjeld desse vurderingskriterier (søknadsfrist 1. mai)

  • Tilby næringslivet individuell rettleiing  med fokus på å mobilisere bedriftene til å dra nytte av nye verkemiddel/tiltakspakker
  •  Auka kapasitet for kompetanseheving og opplæring av fleire rettleiarar.
  •  Bidra til omstillingsevne som gjer næringslivet betre rusta til vekst etter krisa.

 

For søknadar retta mot auka tilbod om etter- og vidareutdanning gjeld desse vurderingskriterier (søknadsfrist 1. juni)

  • Vi ynskjer særleg prosjekt som legg tiltrette for ny framtidig vekst og tilpassing til ny marknadssituasjon. Alle råka bransjar er prioriterte med særleg retting mot reiseliv og leverandørbransjen til oljenæringa.
 

For søknadar retta mot å samle kunnskap om Covid-19 og næringslivet gjeld desse vurderingskriterier (søknadsfrist 1. mai)

  • Dette er eit mindre prosjekt i størrelsesorden kr 300 000 som skal foreslå strategiske langsiktige tiltak og vere eit bidrag til langsiktig avgjerdsstøtte for nye tiltak.

 

Vilkår og meir informasjon

Meir informasjon om vilkår for tildelinga, finansiering av prosjekt, kven kan søkje, kva søknad skal innehalde og anna informasjon finn de her. 

 

Kontaktpersonar; 

Vi oppmodar om å ta kontakt om ein har prosjektforslag og treng ytterlegare informasjon. 

  • Reiseliv: Marta Rongved Dixon 
  • Næringshagar og inkubatorar: Torill Monstad 
  • Etter- og vidareutdanning: Kristin Iversen 
  • Om ordninga generelt og kartleggingsprosjekt: Inge Døskeland 
  • Teknisk støtte Regionalforvaltning.no: Tonje Marie Solsvik 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen