(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Samnanger kommune

Ekstra ordinært næringfond - Samnanger kommune

Bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar har høve til å søkje kommunen om tilskot. Næringsaktør betyr i denne samanheng aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. Det kan søkast om midlar til bedriftsutvikling og investeringar. For tilskot til bedriftsutvikling kan samla støtte frå næringsfondet som hovudregel ikkje overstige 50% av kapitalbehovet. I prosjekt som svarar til særleg mange tiltak, kan det gjevast inntil 75% støtte. Dette inkluderer bruk av tilsvarande fond i andre kommunar for regionale prosjekt.  Det er ikkje beløpsgrense for bedriftsutviklingstilskot.

I vurderinga av søknadane vert det særskilt lagt vekt på:

  • I kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på   lokale utfordringar, behov og potensial
  • I kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet
  • Kor raskt tiltaket kan setjast i gang.
  • Informasjon om dette må framkome i søknadane.

Søknadsfrist er fortløpande. Det skal søkjast i portalen www.regionalforvaltning.no .

Midlane vert forvalta i tråd med "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet", og eigne lokale retningslinjer. Samnanger Kommune er forvaltar av det ekstraordinære næringsfondet, og formannskapet vil gje endeleg tilsegn på innkomne søknadar.

Samnanger næringsforum vil og bistå kommunen med spørsmål og handsaming av søknadar. Eventuelle spørsmål knytt til utlysinga eller søknad kan rettast til;

  • Samnanger kommune ved leiar for samfunnsutvikling: Hilde-Lill Våge,  Epost:  hilde-lill.vaage@samnanger.kommune.no    tlf 56587422
  • Samnanger Næringsforum, ved styreleiar Knut M. Bjørnås,  Epost: post@samnanger-næring.no Mobil: 97094408

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen