(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Bygland kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Statlege tilskot til næringsfond i samband med Covid-19-pandemien

Bygland kommune har fått løyvt kr 722.000 i ekstra næringsfond frå staten i samband med koronapandemien. Fondet skal setje kommunen i stand til å leggje til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping.

Kriteria for måloppnåing er:

  • Utvikling i sysselsetjing og talet på arbeidsplassar
  • Utvikling i verdiskaping og økonomisk aktivitet
Midlane skal nyttast til bedriftsretta stønad og til andre næringsretta tiltak som er viktig for å motverke negative verknader av koronavirusutbrotet.

Ordninga blir administrert av kommunen si næringsgruppe, som innstiller til formannskapet kor endeleg vedtak om tilskot vert fatta.

Søknader vil bli fortløpande behandla. Forretningsplan må leggjast ved søknaden. 

Dersom du ønskjer å søkje om tilskot til bedrifta, eller prosjektet ditt gå inn på www.regionalforvaltning.no for å søkje.

Kontaktperson er: Stabsleiar økonomi og næring, Knut Olav Forgard, e-post: knut.forgard@bygland.kommune.no 
Prosjektleiar i Setesdal Vekst, Siri Lande (e-post: setesdalvekst@gmail.com), kan være behjelpeleg med å fylle ut forretningsplan mv.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen